mandag 8. august 2011

Det er ikkje så kjekt i bobleverda...

...for tida. Forrige helg skulle starta med ein tur til Etnemarknaden på fredagen, gutungen skulle på telttur i helga og mor slå seg laus (kanskje). Men, slik blei det ikkje :-(  Allereie torsdagskveld klaga gutungen på vondt i hovudet - utan at vi la så mykje i det. Det hadde vore ein varm dag og han hadde vore både bonde og plenklyppar. Fredag følte han seg betre og vi tok ut til Etne for å sjå kva marknaden hadde å by på + kikka på eit tømmeshow dei skulle ha. Vi klarte faktisk å finna noko som fanga interessa ganske raskt:

 Traktorutstilling...

 
Hmmmm... :-)


Det var mykje å sjå på på marknaden. Blei spesielt imponert over utstillarane som solgte eigen produserte produkt - utruleg mykje fint. Men, det viste seg snart at guten ikkje var heilt i form denne dagen likavel. Etter ei lita matøkt, skulle vi byrja på runde to, kanskje handla litt, men vi kom ikkje langt før guten slo fast at no ville han heim. Så då var det bare å setja seg i bilen å køyra mot ferja igjen - tømmarshowet fekk berre vera. Han hadde fått nokre utslett som såg litt "mystiske" ut og eg byrja å ana at noko var på gang. I stadenfor å setja han av på Sandvoll for helgas telttur, tok vi han med oss heim att for "observasjon" - i allefall til neste dag. Og neste dag var det egentleg ikkje noko tvil - vi hadde omsider fått VANNKOPPAR i hus! Og eg som har sendt han avgårde på besøk både hist og pist kor einkvan har hatt vannkoppar i alle år utan resultat - ikkje så mykje som ein prikk har han kome heim med. Og så no, ut av det blå, og midt i ferien min måtte det slå til! Og det er ikke få koppar som har komt på besøk heller...Nokon klør, nokon svir og nokon sveller - dei siste dagane har gått i ei salig blanding av påsmøring av Hvit vask Sinkliniment og pyrisept.. Dåke får ta meg på ordet når det gjeld dette - det er fortida nedlagt fotoforbud her :-)

Men, i dag fekk eg ei lita avveksling når jentene kom på besøk for å baka cupcakes med tante :-)

 Sjokolade cupcakes - det er viktig å få med alt i bollen :-)


 Jentene syntes at sukkerpasta var kjekt å "leika" med - det synes tante òg :-)


 Djup konsentrert når pynten skal skjærast ut..


 Farga krem og perler var òg populært.


 Det var flittige konditorar eg hadde på besøk i dag.


 Sandrine visar stolt fram sine ferdigpynta cupcakes :-)


Og her er Ariana med sine :-)


Så fekk dei pakka ned kakene sine i kvar sine boksar og kunne stolt ta dei med ned og visa til Besten :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)