onsdag 31. august 2011

Er du ei(n) av dei som sit og klypper, limer, skriv etc....

...og lagar scrapbooksider for hånd? Eg har ikkje tolmod til slikt - dessutan krev det så mykje utstyr og blir ganske dyrt i lengda. Det er mykje enklare og billegare å gjera det digitalt og i høst har eg tenkt å få jobba litt med favoritthobbien min igjen - Digital scrapbooking! Det har lege litt på is det siste året. For det fyrste fordi den gamle PC'n på loftet, kor eg pleide jobba med dette, jobbar altfor tregt (har med mitt tolmod å gjera igjen) og fordi den bærbare PC'n har eg kun fått lov til å låna dann og vann. No når gutungen har fått seg ny PC, og eg har arva den gamle, har eg endeleg ubegrensa adgang igjen :-) Det er ikkje så mykje meir enn ein PC og nettilgang du treng for å driva med digital scrapbooking. Googlar du "digital scapbooking" finn du mange sider kor du kan lasta ned bakgrunnar, rammer, alfabet og div. ting og tang du kan bruka på bileta dine gratis - sjå etter det som heiter "freebies". Ellers så kan ein òg kjøpa pakkar med bakgrunnar, rammer, elementer og mykje anna - og det kostar som regel ein slikk og ingenting. Og har ein fyrst lasta dette ned kan ein bruka det om att og om att :-) Eg brukar Adobe Photoshop når eg jobbar med mine bileter, men det finnes mange gratis bildeprogram ein kan lasta ned hvis ein vil leika seg med digital scrapbooking. Det er lett å bli hekta når ein fyrst har byrja med dette - her er litt av det eg har gjort med mine bilder:

Ein treng ikkje alltid gjera så mykje, her har eg lagt bileta på ein enkel bakgrunn, lagt på svarte, enkle rammer, litt stjernedryss, ein sommarfugl og ein enkel tekst som igrunnen seier det meste.


Her har eg lagt eit par bakgrunnar oppå einannan, lagt ei ramme som ser ut som eit vindauga over bilete at Stian, litt stjernedryss oppå der igjen, lagt istappar på karmen og plassert ein fugl i eine hjørna på vindauga. Så har eg klatta på med band, kvistrer, navnelapp, eit tre, eit gjerde, ein fulg til, tekst og kanskje andre ting eg ikkje ser i farten òg.


Her har eg gjort altfor mykje til at eg gidd ramsa det opp, men hvis dåke ser etter så er det mange detaljar her :-)


Ved å klyppa ut enkelte ting i eit bilete og legga det på ein anna bakgrunn og anna stæsj...


...kan ein få eit heilt nytt og annaleis bilete :-)


Her er eit til....


...ser ut som om ho har det mykje artigare her :-)


Her er favorittbilete mitt. Original bilete er eigentleg eit håplaus bilete av Stian og nokre andre ungar som badar i Uskedalselva. Dei andre ungane har eg kun fått med halvparten av og Stian ligg langt utpå høgrekanten av bilete. Men, når eg klypte vekk og zooma inn så såg eg jo at dette eigentleg var eit fantastisk flott bilete av Stian. Så då var det bare til å finna ein bakgrunn som passa og "smelta" Stian inn i den, legga på nokre striper på venstre og høgre kant slik at bilete ser litt slitt ut, lima inn ein sommarfugl og ein augenstikkar og legga på tekst. Eg er kjempenøgd med kva eg klarte å få ut av dette biletet :-)

Ser ikkje dette ut som ein kjekk hobby? Det er berre til å setja igang - passar fint til mørke haustkveldar med tente lys og fyr i omnen :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)