onsdag 5. oktober 2011

Då kan vintaren berre komma....

...eg er klar! Skunda meg heim i frå jobb i dag vel vitande om at eg skulle få tre storsekker ved levert på døra som måtte lempast i hus. Då eg kom heim fann eg resten av gjengen godt i gang med arbeidet allereie:

Besto og Stian i arbeid.

Alle mann i arbeid - det var øspøs og dermed berre til å henga i med å få veden i hus!


Og her sit eg nøgd og glad på toppen av vedhaugen! Legg merke til at vi har tatt oss god tid med å stabla han fint.....

Og med veden i hus er høsten offisielt opna og telyssesongen igang :-)


Så no har eg rista av meg skuffelsen over det dårlege sommarværet (jugekross). No kan dei sure, våte, mørke og kalde høstkveldane berre koma. Ja, for min del kan det gjerne komma snø til helga - eg fyrer i omnen og kosar meg inne :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)