søndag 23. oktober 2011

Etter dagens forblåste tur til Solfjell...

... er i allefall ein ting heilt sikkert: Det finnes ikkje eit støvkorn igjen mellom mine øyrer! Her har det blåse storm med orkan i kasta tvers igjennom og rydda opp i det meste. Makan til vindig tur har eg nok ikkje opplevd før. Men, "litt" vind skremer jo ikkje Naturbarna vekk frå tur. Eg var ikkje komen ut av pysjen i dag tidleg eingong då eg fekk melding i frå Ann Irene om at i dag stod Solfjell for tur. Eg har sneke meg unna den turen så mange gonger no at eg turde ikkje sei nei, ville vel ikkje heller - i dag var eg klar!

Det var berre til å ta ut - opp Ståle sin veg i dag.

Dagens turmål - Solfjell - sett i frå Storhaug

 
Gjekk veldig greit og relativt raskt å komma seg opp Ståle sin veg i dag, syntes eg. Eg tør jo ikkje be om for mange pausar når eg går på tur med Ann Irene - er redd ho skal synes eg er ei sinke og eit håplaust turemne. For ikkje å snakka om gamal og treg - eg er jo nokre månader eldre enn ho...


 
Og eg blir jo fort både treg og ei sinke når ho langar ut med sjumilsstega sine..

Beviset på at vi var på rett veg..

Det blåste bra allereie her, men det skulle bli verre..

Litt disig, men flott utsikt over Storhaug og bygda når vi kom eit stykke opp på Solfjell.

Så var vi komen så langt opp at vi fann snø!

 
No blas det så heftig at vi innimellom hadde problem med å halda oss oppreist. Kvar gong vi løfta foten for å ta eit steg fram var vi brått blåst ein halv meter av stien... Men, gav vi oss? Neida, hadde vi bestemt oss for at vi skulle på Solfjell, så skulle vi på Solfjell!


 
Når vi ein og anna gong løfta blikket kunne vi f.eks sjå Ulvanåso på andre sida av dalen.

Og så nærma vi oss målet for turen - varden på Solfjell. Men, tru ikkje det var enkelt å koma seg bort til den i dag..

Ann Irene har komen seg bort til varden.

Men, det var ikkje lenger mogleg for meg å stå oppreist i vinden. Kva no? Skulle eg måtta gje meg på tap? Skulle eg krypa bort? Frista ikkje mykje utan polstring på knea. Eg trur eg følte meg litt slik som dei som må snu på siste basecamp før dei når Mount Everest... Men, gjer eg meg så snart? Neida, til slutt blei redningen å aka seg på baken ned på venstre side, bruka både armar og bein på å komma seg bort og opp bakvegen til varden :-)

Yes! Endeleg kunne eg skriva meg i boka på Solfjell - for aller fyrste gong i mitt 41 år og litt til liv :-) 

 
No var ikkje vinden det einaste som plaga oss - det var byrja å bli grisekaldt òg. Men, vi måtte no fotograferar den flotte utsikten når vi fyrst var komen opp:

Sjå kor flott Rosendalsfjella og Folgefonna i bakgrunnen var idag!

Fjord og fjell og eg veit ikkje kva - kva er det vi ikkje har i Kvinnherad?

Utsikt mot andre sida - Tverrfjell og som dåke sikkert veit, mitt "favorittfjell" Gråfjell....

Mannsvatnet og Ulvanåso.

Til og med skolissene blås opne i dag! Ja, eller kanskje det var noko anna som var orsak til det, men  eg synes det høyres litt stilig ut å seia at det var vinden :-)


No var vi så forfrosne og forblåste at vi måtte byrja på tilbakevegen kor vi kunne ta ein pause, få på oss meir kle og i oss litt mat. Vi hadde faktisk funnet ein passande plass som var nokolude i le på veg opp.

Rett i koppen tomatsuppe med egg i nista i dag. Utfordringen bestod i å hindra suppa i å blåsa vekk før eg fekk heldt varmt vatn i...

Mmmm...det var jo godt jo :-)

Ann Irene baud på pepperkaker og....

Pop??? Har du sett, her blei eg tatt litt på senga...

Aller fyrste gong på Solfjell - Ann Irene hadde sjølvsagt rett i at det måtte feirast!


Etter ei lita matøkt var det på tide å pakka saman og tenka på heimturen. Med den vinden vi hadde i dag gjekk jo det ganske raskt - det var berre til å setja seg på heksekostane våres så blas vi ned av fjellet på ein-to-tre :-)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)