lørdag 5. november 2011

O' jul med din glede...

... i dag opna julebutikken i Martabu (rett over vegen for Systrene Nilsen). Dette er eit initativ i frå Gunn Mari, og her skal det vera ope frå kl.11-15 kvar laurdag fram mot jul. Her kan ein kjøpa handtverk i alle fasongar og variantar. Inntektene har Gunn Mari bestemt at skal gå til Damevennene - og det er vi veldig takksame for. Damvennene på si sida har bestemt at desse pengane skal gå til ein hjartestartar vi vil gje til Hagesenteret. På Hagesenteret er det folk på vakt heile døgeret, og difor vil denne hjartestartaren vera tilgjengeleg for alle som måtte få bruk få den. Merk at den må hentas på Hagestenteret då vaktene ikkje har anledning til å forlata posten sin. I tillegg kjem Damvennene til å bruka inntektene frå årets Aktivitetsdag til å kjøpa ein hjartestartar som skal vera stasjonert i Aktivitetshallen. Damevennene håpar at alle er eininge med oss at dette er ei fornuftig invistering for bygda.
Anyway, det er jo ikkje berre fordi eg er i mulkehumør og sit og ventar på at effekten av all havregrautetinga skal slå til at det er så stille her på bobla fortida - eg har i det siste vore opptatt med å strikka og tova vinhøner. Jepp, du las riktig - vinhøner - som du puttar ein 3L vinpose inni.. Eg har blitt litt hekta på desse, så eg har strikka eindel av dei i år. No spurte Gunn Mari om eg hadde nokon til julebutikken, og då var det berre til å hiva seg rundt å strikka fleire.  Det måtte jo då nødvendigvis bli nokre julevinhøner denne gongen:

Og her sit to av dei på vaggel i Martabu sin julebutikk.

Riktig så koseleg hadde Gunn Mari og Kjersti laga det til i Martabu i dag. Her skulle det bli kaffi og kaker og mykje fint hadde dei fått inn av ulike ting ein kunne kjøpa. Sjå dei flotte strikkasokkane som heng bak hønene f.eks. - og sparkebuksa. Det var i det heile mykje fint i strikk - sokkar, vottar, hals, pulsvantar etc. Ellers så var det heimalaga trepennar - veldig fine - tregyngestolar, syltety, kjeks - og sikkert mykje anna eg har gløymt. Og Gunn Mari lova at det skal koma påfyll og nye ting etterkvart. Eg er ikkje heilt i julemodus enda, men eg ser ikkje vekk i frå at det kan bli nokre julepresanger i frå Martabu i år :-)

Og sidan eg er inne på jul, minnar eg om tenninga av julegrana og julemarknaden til Damevennene fredag 2.desember kl. 17-19.  Dei som vil ha salgsbod, stand - eller vil hjelpa til med julemarknaden må byrja å melda seg til Damevennene no :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)