lørdag 17. desember 2011

Eg antar at Vårherre....

....har andre ting å bekymra seg om i desse tider enn mitt champagneforbruk. I alle tilfeller blei eg ikkje bønhøyrt når eg sist søndag bad han om ikkje å gje meg meir champagne før jul - for i går havna eg utpå igjen... Det blir vel forressten feil å skulda dette på Vårherre, for det var jo nokon heilt andre som sørga for at eg sprakk: Sandra! Sandra er heime i frå Afghanistan på sin andre R & R - som står for Rest & Recreation. Høyres veldig flott ut - rest & recreation - lurer på om det er noko vi kan innføra i min jobb òg?? 6 uker på jobb i Høylandsbygd - så få beskjed om å koma seg gjennom tunnelen og ikkje visa seg igjen før det er gått 2-3 veker ;-) Sidan Sandra berre er heima nokre dagar før ho fèr over fjellet for å feira jul østanfor, for så å reisa enda lenger øst igjen, måtte vi hiva oss rundt og stella istand eit treff i går. Og med seg til Marit hadde Sandra det vi ynskja oss aller mest:

Eh....Dei tre vise menn??

Og det er heilt sant som det er sagt - ein har ikkje meir moro enn ein lagar sjølv. Eller ein god latter forlenger livet. Eller ein kan ha det løye med lite....

3 flotte damer med hånddukkene sine....


"Fint skal det vera om halve ræva heng ute" - gjeld dama i midten framme.....

Einaste grunnen (!?) til at vi likar desse gullflaskene er jo fordi det følger slike fine gullhjarte-hårklemmer med på kjøpet. No når vi alle har skaffa oss ei slik, trur eg dette må vera gjengmerket vårt :-)


Eg innbillar meg at det ikkje berre var desse flaskene som glitra så fint i går kveld. Når det var tid for å gå heim utpå natta prøvde Sandra og eg å overtyda Marit om at så blanke i augo som vi var så var det ikkje naudsynt å bruka refleks! Vi fekk begge tredd to refleksvestar over hovudet....


Vi hadde ein veldig kjekke kveld i går. Ikkje såg eg snurten av noko snø når eg vandra igjennom bygda i natt, så eg gjorde stor auge då eg stod opp og såg dette igjennom vindauga i dag morges:

Snø????

Og eg som hadde så mange inneting som skulle gjerast i dag!! Men, ein liten tur til Flåtene med Marit rydda eg plass til på timeplanen.

Og sjå her - her er ingenting overlate til tilfeldigheitane. Ser dåke kor flott gullhjarteklemma passar til resten av antrekket! Bare ei ekte moteløva får til dette... ;-)

Flott å vandra i skogen idag.

Brua på Flåtene.

Vinter på Flåtene.

Skogs.......

troll????

Men, no har eg ikkje tid til å fjasa meir på bobla - no må eg hiva meg rundt med vaskekosten og bakebollen! Her i huset skal det jo feirast stooooooooor dag i morgon, for då fyller denne staute karen:


15 år!!!!!!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)