onsdag 7. desember 2011

Elefantastisk!

Elefantetterlysinga eg la ut for eit par dagar sidan spredde seg fort som ild i tørt gras :-) Fleire delte og sendte vidare linken med etterlysinga, og såleis har eg ein følelse av at svært mange har vore på elefantjakt dei siste dagane. Gurimalla for eit engasjement den etterlysinga skapte :-) Og kanskje tok eg feil når eg skreiv at elefanten neppe hadde gått så langt på eigne føter - for skal ein tru reaksjonane så har elefanten vore innom opptil fleire butikkar på Storsenteret desse dagane. Alle observasjonane av elefanten har gjort at eg har tenkt litt på kor vanskeleg jobben til politiet verkeleg må vera når dei arbeidar med vitneobservasjonar... Her sit elefanten så fint i sofakroken og anar neppe kva han har stelt i stand dei siste dagane:


Den sikraste observasjonen eg fekk var tanto som sendte melding om at ho hadde sett elefanten på dametoalettet på Storsenteret på laurdag. Eg tar det som ein sjølvsagt ting at tanto ikkje sender meldingar om at ho ser elefantar på toalettet med mindre ho er heilt sikker i sin sak.... Så eg sendt melding vidare til elefantens foresatte - som fann ut at då måtte dei sikkert kontakta dei som vaska, evt. vaktmeistaren. Dette var seint i går kveld.

I dag skulle eg ein tur innom Storsenteret å få gjort unna nokon ærend før eg køyrte heim. Eg må vedgå at eg ikkje ofra elefanten ein tanke der eg hasta i frå butikk til butikk. Men så, idet eg passerar Eurospar synes eg så tydeleg at eg høyrer ei tynn stemme: "Tante Anita, tante Anita, eg er her, eg er her.." Eg slenger eit kjapt blikk inn i butikken - og der - på hylla ved sida at bladhylla ser eg ein grå sak med snabel som sit og viftar med øyra og prøver å få oppmerksomheit! Eg styrtar inn, tar tak i elefanten og ropar høgt "Denne tar eg - han er etterlyst over heile linja!" Ok, eg ropa kanskje ikkje dette ut høgt, men eg sa no ifrå at elefanten, den tar eg :-) Eg veit ikkje kven som vart mest glad - elefanten eller tante Anita, men vi smilte frå øyra til øyra begge to :-)

Så var det berre til å hiva seg i bilen og køyra opp i Kaldestadvegen og håpa på at det var nokon der som òg ville bli glad for å sjå elefanten. Og kva trur dåke - blei det stas å få elefanten  heimatt??

To gode vener som har funnet kvarandre igjen :-) (Sorry - ikkje alltid lika lett med mobilbileter)

Og som dåke ser - frå no av blir elefanten godt passa på og det blir ikkje enkelt å nærma seg dyret:



Men, marsipangrisen då? Ja, den får eg vel ta sjølv :-) Men, eg deler gjerne med alle som har engasjert seg i den store elefantjakta :-) Tusen takk, alle saman!


2 kommentarer:

  1. Hehehe, så koselig at den kom til rette igjen da! Du skriver på en utrolig festlig måte som gjorde at jeg bare måtte lese hele innlegget mens jeg smilte for meg selv. Me like! =)

    SvarSlett
  2. Utrulig ka som kan sporast opp når ein etterlyser på nett:)) Kattar, elefantar , gamle oppskrifter osv.
    Kjekt da blei ein lukkeleg ende:)

    Wenche V

    SvarSlett

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)