mandag 5. desember 2011

Etterlysing!

I dag lar eg jul vera jul - eg har noko viktigare på hjarta. På laurdag forsvant eit kjært familiemedlem på Husens Storsenter - og sidan har ingen sett han :-( Han kan umogleg ha gått langt på eigne føter, så det er nok mest sannsynleg at han har funnet seg godt til rette i ei hylla eller på ein disk i ein eller anna butikk. Difor sender eg i dag ut ei etterlysing etter Felix Emil sin sårt sakna koseelefant. Han er som dei aller fleste elefantar grå og har snabel... På bilete under er han fornøgd passasjer i jobbebilen til Felix:

Ber om at alle som tar turen til Husnes Storsenter kikkar seg ekstra godt rundt for å sjå om dei kan finna elefanten.

Tante Anita spanderar ein stoooooor marsipangris til den som finn elefanten og sørger for at han kjem heim att til jul!

2 kommentarer:

  1. Veldig bra at tanto tar ansvar! Han e sårt sakna å vi krysse fingra
    Og tær for at han dukke opp;)

    SvarSlett
  2. Hei!

    Bra at tanto vil hjelpe til. I dag måtte guten ta til takke med ei løve!

    Helsing Målfrid M

    SvarSlett

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)