søndag 11. desember 2011

Hurra, hurra, den festen...

blei bra! I går var tida komen for endeleg å feira at minstemann i flokken òg snart er vaksen dama.(Ho må venta til vetlajulafta før det er offisielt). Slekt og vener var samla i Helgheim der vi fekk servert god mat og drikke :-) Og etterpå blei det dansa til langt på natt. Eg var utnemd til å vera kveldens Champagenekorksprettarsjef - sjølvutnemd sådan.... Dette var ei oppgåva eg tok på styrste alvor - ingen andre fekk koma nær champagneflaskene før korken var av og eg hadde testa at godsakene var drikkande. Ja, så tru var eg til jobben mi denne kvelden at til og med betasuppa blei skylla ned med ein skvett champagne! I dag tenker eg vel at eg kunne vore litt meir slauren på jobben... Ellers så var Ann Irene og eg så nøgde med presangen vi hadde kjøpt at vi neste ikkje klarte å venta på at Marit skulle ta seg tid til gåvebordet og opna alle gåvene. Etter lang tids grubling har vi nemleg bestemt at sidan Marit framleis er den yngste og sprekaste av oss skal ho få gå fyrst og visa veg på vore framtidige turar. For å letta på denne byrden har vi difor no utstyrt ho med hyttetrugen(e) Hansi :-) Dei blei vi ho umåteleg glad for :-) Litt skuffa var eg difor når eg vakne utpå dagen i dag og oppdaga at det regna og ikkje snøa ute. Mogleg jubilanten ikkje var fullt så skuffa.... Uansett - ei særs vellukka feiring av ei flott dama blei det i går :-)

Tre gode vener samla til fest. Ein feiande flott jubilant til høgre - og ei som må slutta å høyra på Jan Thomas til venstre. Raude sko til lillakjole - går det an??? Til mitt forsvar får eg seia at her må det ha skjedd eit eller anna i blitsaugneblinken for eg hadde då vitterleg ikkje lyslillakjole på - den er heilt mørk!


Og heilt til slutt i dag:

Så tenner vi tre lys i kveld
for lengsel, håp og glede.
De står og skinner for seg selv
og oss som er tilstede.
Så tenner vi tre lys i kveld,
for lengsel, håp og glede.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)