søndag 11. mars 2012

Det gjeld å balansera riktig...

...ei helg opp og ned fjellsider med og utan ski - og ei helg parkert på sofaen! Det er igrunnen utruleg kor mykje tid ein klarar å tilbringa i ein utruleg dårleg sofa hvis ein verkeleg går inn for det...I allefall hvis det er VM i skiskyting i Rupholding og skifest i Holmenkollen samtidig. Ein skulle jo helst vore tilstades "live", men på den annen side så får ein jo med seg alt i frå sofaen :-) Og med cola, chips og anna naudsynt proviant innan rekkeviddde har eg i helga staka meg igjennom 50km, skote etter både det eine og det andre i tyske skogar, hoppa lenger enn dei fleste i Holmenkollen, prøvd å setja krok på Kowalczyk i 30 km og tatt skjegget på Magnus Moan.

Eit av helgas mange store sportsaugneblinkar.

Av og til er det heil umogleg og ikkje leva seg inn i det som foregår...


Og medan nokon drøymer om å få sine 15 minuttar i rampelyset på fjernsynet, dukkar det brått opp nokon som faktisk har fått sine: Ola Matti & Marit

Ein kan faktisk bli ganske utsleten av så mange sportslege prestasjonar på ei helg (då tenkjer eg kanskje meir på Eldar, Marit og Tora enn Ola Matti og Marit), så ikveld trur eg at eg skal kvila på sofaen. Hmmm.. lurer på kva som er på TV??


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)