lørdag 17. mars 2012

Dette er visst veka der...

...små ting fort fører til større ting. Det er ikkje så ofte eg går på kleshandel - eg finn så altfor sjeldan noko eg likar. Men, av og til må ein jo berre ta seg i nakken - så på torsdag tok eg runden på Husnes Storsenter på utkikt etter ALT! Eg kom heim med ei ny buksa... Sidan det tross alt var mykje meir enn eg plar komma heim med syntes eg at eg hadde fornya meg noko voldsamt! Ja, faktisk så mykje at i dag reiste eg meg frå senga, slengte opp dørane til kleskapet og sa til meg sjølv: "Her skal det ryddast!" Og slik blei det:

Kjolane fekk henga - alt anna skulle sorterast med hard hånd.

Fyrste utkast av: For gamalt, for smått, for stort (?), fillete og kva-tenkte-du-på haugen.

Og fyrste utkast av: Det eg kanskje skal behalda haugen.

Men, eg hadde jo skikkeleg fått anden over meg i dag, så her var det berre til å byrja på runde to..

Noko som førte til at denne haugen vaks betrakteleg.

Litt seinare i dag las eg eit intervju i dagens VG med Caitlin Moran,som er ute med boka "Kunsten og være kvinne", kor ho seier: "Jeg har sett i speilet og sagt til meg selv: Den dagen jeg blir slank og vakker og hele klesskapet er fylt med vakre klær, da skal moroa begynne. Men så sto jeg der. Jeg var 34 og skjønte at den dagen ikke kom." Takk Gud, det er to av oss. Eg eg no 42 og har enda ikkje innsett dette...

Buksa kjøpt under ei pause på NorShipping messa i Oslo 2001. Altså for 11 år og 17 kg sidan - kven er det eg prøver å lura??

Gulp....

Etter oppryddinga inneheld kleskapet mitt dette:

a) 50% sports/fritidskle
b) 5% skjorter/T-skjorter påført Eide Marine Tech AS logo
c) 15% klær eg kanskje kan komma i hvis eg berre blir litt mindre. Noko som betyr at haug a) bør tas i  bruk umiddelbart
d) 25% kjolar - kor av 15% kanskje burde vore plassert i haug c)
e) 5% kler til dagleg bruk.

OMG - Svuuuusjjjjjj - eg køyrte sporenstreks til Rosendal på jakt etter noko meir å fylla i skapet. Eg kom heim med ei ny buksa til... Eg innser at eg bør ta ein bytur i næraste framtid. Det kan foressten ta litt tid hvis eg kjenner meg sjølv rett, så inntil vidare får dåke berre lata som om dåke ikkje ser det hvis eg kjem med ulike sokkar og gensaren på vranga - det er nok berre ein forsøk på å utnytta det vetle eg har i skapet som best eg kan...

A. Enæs coming soon - to a clothing store near to you....

2 kommentarer:

  1. Farlig å rydde i klesskapet ser eg ;) Eit lite tips; arranger kles byttekveld med gjengen. Det hadde vi i vinklubben i fjor vår, skikkelig løyen kveld ;)
    Ha ein fin lørdag!

    SvarSlett
    Svar
    1. He-he, trur det må mykje vin til før eg får nokon til å ta med seg heim det eg har kasta i dag ;-)

      Slett

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)