onsdag 28. mars 2012

Ring meg, ta ein telefon...

... I kveld har eg vore på kurs i Gamleskulen og lert meg korleis eg kan skriva og legga ut bileter på Uskedalen.no. Eg har faktisk fått fri tilgang til ALT - ingen restriksjonar! Stakkars, dei veit ikkje kva dei har gjort...

Så no skal det jammen bli fart i sakene gitt :-) Her kjem Anita's Ti på Topp liste, Anita's Morgontrall, Anita spår veret, Anita's laurdagskos, Anita's "Har du høyrt.." spalte, Spør Frk. Anita spalte, "Korhen i verden er Anita no" quiz, Anita's sjakkspalte, Fleip og Fakta om Anita og sjølvsagt Anita's Påskenøtter! I det heile tatt: Her kjem Anita!

Eller kanskje eg berre skal halda meg her inne på bobla, når eg tenkje meg om....

Her ser dåke gjengen som skal hjelpa Ola Matti med uskedalen.no: Nettredaksjonen til Uskedalen.no


1 kommentar:

  1. Fin gjeng! Eg gleder meg stort til å lese Anitas sjakkspalte, og ikkje minst spør frk.Anita. Ser og du har gløymt dagens ord i lista di:)

    SvarSlett

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)