onsdag 18. juli 2012

Det nye kameraet mitt og eg...

...har vore på ein liten tur til Flåtene i dag. Og sjølv om eg har ein lang veg å gå når det gjeld å finna ut av bruken av dette kameraet så fekk eg no til å ta nokre bileter - nokre blei ikkje så verst til å vera fyrste gongen eg tar i eit speilreflekskamera. Synes eg i allefall sjølv...







Eg kjem jo til å bli eit enda større irritasjonsmoment å ha med på tur no enn eg allereie er. No skal det jo ikkje berre stoppast og fotograferast (her fekk eg fyrst ein liten skrivefeil og skreiv strippast og fotograferast.. Vurderte å la det stå, men var redd det ville føra til at ingen ville gå tur med meg meir :-)) - no skal det jo brukast til til å stilla inn både det eine og det andre på kameraet òg. Turane kjem til å ta dobbelt så lang tid.... Vi får sjå kor lenge interessa held seg før eg går lei og skrur alt over på "automatisk" innstilling ;-)

1 kommentar:

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)