fredag 13. juli 2012

På ukjente stiar...

Ein skulle nesten ikkje tru det, men det finnes opptil fleire stiar i Uskedalen og omegn eg framleis ikkje har tråkka på. I går kveld var eg difor nok eingong på tur på ukjente stiar.

Ann Irene har i lengre tid snakka om ein "støl" i nærleiken av Fjellandsbø - bare litt "borti der". Eg har endeleg tråkka "litt borti der" opptil fleire gonger, men eg har aldri truffe på nokon støl... Så igår var det på tide ho fekk visa meg kva støl ho meinte. Og eg hadde sjølvsagt vore på heilt feil "litt borti der", så det var ikkje så løye at eg aldri hadde sett noko støl..

Vi fylgde traktorvegen eit lite stykke oppover før vi trødde ut i "The Wilderness". Var no ikkje heilt lett å treffa på stien, men vi fylgde etter kalvane som gjekk før oss - dei er tross alt lommekjente i området så vi stola på at dei gjekk rett ;-) Og ganske så riktig - brått var vi inne på sti merka med raude tursti merker.

Store stryk måtte forserast..


Det byrja ganske tidleg å regne, men vi let oss ikkje stoppa av slikt. Vi fylgde stien oppover og så tok vi meir og meir til venstre - etterkvart byrja det å bli ganskje bratt oppover. Ikkje alltid lett å sjå stien, den er nok ikkje den mest brukte, men ved hjelp at raude merker og god orienteringssans (?) kom vi oss opp!

Og her var det verkeleg idyllisk!

Blaut og våt som ei kråka, men lika blid og klar for ein kjeks til nista :-)

Så kom skodda sigande oppover...

...og la seg oppover fjellsida. Og sjå her, denne vegen kjem ein seg sikkert til Gråfjell :-)


Skjøna du foressten ikkje heilt kva eg meinte med idyllisk?



No då?

No skjønar du det i allefall :-)


Og eg må vera med :-)

Var ikkje så veldig lett å sjå noko nede i Matrefjorden...

Men så, ser du - ein liten blå flekk i skydekket!!

Ann Irene satte seg sporenstreks ned og venta på betre ver og utsikt..

Ann Irene er no foressten eit merkeleg vesen. Ho såg hverken den blå flekken eller noko anna. Men, ho påstod hardnakka at ho såg ein varde på ein topp 200 meter lenger vekke. Eg fekk heldigvis overbevist ho om at det var pølsevev og at ein tur til Specsavers kanskje ikkje hadde vore så dumt ;-)

Sjå her ja - ein liten solflekk!

Hmmm... skimtar vi ikkje Skånevik i det fjerne?

Så var det på tide å tenka på å komma seg heim att. Eg har ikkje ferie og har jo ikkje tid til å rota rundt i fjellheimen til langt på natt..Og i det vi byrja på nedeoverbakken igjen..




....kom finveret og vi fekk flott oversikt over Leiteshaugane!

For ikkje å snakke om Matrefjorden!

Eller kva synes du?

Ja, det var ein nok ein flott tur - til tross for litt regn og sko som kunne tømast for vatn når eg kom heim :-) Neste gang vi går her prøver vi nok å gå lenger - vi har tru på at Gråfjell er innan rekkevidde!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)