fredag 24. august 2012

Ein flott tur til Gråskallen....

...har vi hatt i kveld. Og endeleg fekk eg vist fram dei flotte nye turskoa mine til Ann Irene. Eg trur ho synes dei var fine - eg er godkjent til å få bli med på fleire turprosjekt ;-)

Flott varde på Gråskallen.
 
Husnes og omegn ein flott seinsommarkveld.
 
Ikkje noko å seia på utsikta i frå Gråskallen.
 
Kanskje hvis dåke zoomar litt her så ser dåke at eg er dekka med mygg...
 
...for kor fint det enn er på Gråskallen så var det eit mygghol i kveld. Det gjekk rett og slett ikkje ann å vera der - Ann Irene måtte bokstaveleg tala kosta mygg av skuldrene og nakken min medan eg gjekk laus på armane! Eg veit ikkje kvifor dei sverma slik for meg - eg må ha vore ekstra sukkersøt i
kveld ;-) Tilslutt måtte eg ta beina fatt og legga på sprang nedover igjen medan eg overlot til Ann Irene og skriva oss inn i boka. Etterpå kom eg på at eg faktisk hadde ei fleecejakka hengande på sekken som eg kunne kamuflert meg i...
 
 
Likevel, Gråskallen passar godt til ein ettermiddags-/kveldstur. Passe lang, litt bratt i byrjinga, men så er det mest bortover og pittelitt opp slutten igjen.
 
Men, for Gud's skuld - husk myggspray!
 
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)