søndag 12. august 2012

Og kva lærte vi i fjor sommar??

Jo, at over skodda er himmelen alltid blå :-)
Siste sommerferie dagen min i dag - den kunne eg jo ikkje tilbringa heime med skodda langt nedover øyro. Så familien Glum pakka kanoen på taket og køyrte til Solens Rike - altså Blådalen!

Vi måtte køyra eit godt stykke for å finna sol og blå himmel i dag - faktisk så langt av i måtte over demningen og igjennom fyrste tunnellen (for dei som er kjente på desse trakter). Sidan hverken mor eller far hadde vore heilt til endes på vegen før måtte vi jo køyra så langt det gjekk :-)

Altså til Møsevatn.

Ganske bratt den siste bakken opp - mor foretrakk å gå ned igjen...

Ei lita rast ved Møsevatn.

Dåke legg vel merke til at det er sol og blå himmel?? :-) Men, det var ikkje her vi eigentleg skulle vera - vi skulle jo prøva kanoen...

Så, etter ein liten stopp der mor fekk studera turløypa...(står framleis på mi lista òg)...

...var det tid for padling.

Fint padlevatn som vi har besøkt både ein og to gonger før.

Indianarane kjem!

Hjortefot ser ut til å vera nøgd med tilværelsen :-)

Fint på land òg :-)

Idyllisk og...

....vakkert.



Ellers så fekk eg ein kraftig reprimande av Ann Irene sist søndag då vi gjekk til Englafjell. Turskoa mine var både gamle, sletne og stygge og hvis eg skulle få vera med ho på tur fleire gonger så måtte eg sjå til å sko og kle meg anstendig så ikkje det ser ut som om ho dreg på ein fillerfrans ;-) Eg turde jo ikkje gjera anna enn å reisa strake vegen å kjøpa meg nye, flotte, knallraude tursko!!(Litt usikker på om lilla sokker vil bli godtatt..) Å du, og du - det er som om beina er inntulla i bomull :-) Denne veka har dei allereie vore på tur i Ænesdalen, i Børsdalen/Tveitedalen, halvvegs til Nåso og i dag altså i Blådalen. Hvis ikkje Ann Irene blir med på tur igjen no snart vil dei bli lika utsletne som dei gamle før ho får ta dei i augnesyn....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)