mandag 6. august 2012

Trudde dåke verkeleg at det ikkje skulle...

...koma eit innlegg om den store Barcelonaturen?
Sjølvsagt kjem det innlegg om turen - eg måtte berre sortera litt i den STORE biletehaugen min fyrst. Men, no skal dåke få ein overdose med Barcelona! Faktisk ein slik overdose at eg har bestemt meg for å dela det i to - dag 1 +2 fyrst og så kjem eit innlegg om dag 3 +4 seinare.

Here we go - Day 1 & 2 in Barcelona:

Vi ankom Barcelona søndag kveld 29.juli. Straks etter vi var instalert på Silken Ramblas hotel tok vi ein liten rusletur ned Las Ramblas og i havna. Sjølvsagt etter å ha skifta til sommarklede fyrst - her var det SOMMAR!

Utsikt frå hotellrommet. Ikkje så mykje å skryta av, men hotel Silken Ramblas ligg i gata Pintor Fortuny, som er ei sidegate til øvre del av Las Ramblas. Med andre ord - det låg midt i "smørauga". Og hotellet var heilt i orden  - ingenting å klaga på :-)

Far nyt ein kopp kaffi på balkongen (he-he) før vi tar fatt på dag 1 i Barcelona.

Mor og son klar for sightseeing.

Vi byrja dag 1 med å hiva oss med på ein sightseeingtur. Vi hadde ikkje orientert oss så mykje, så vi tok den fyrste bussen vi fann - det viste seg å vera "raud rute". Det var ei rute som for det meste tok for seg sentrum av byen + ein tur til "fjellet" Montjuïc. Då var det greit av vi hadde kjøpt todagers-pass slik at vi kunne ta for oss "blå rute" neste dag. Dette var ein heilt super måte å orientera seg i Barcelona på. Ein kunne hoppa av og på bussane akkurat som ein ville - og det var aldri lenge å venta på at det skulle komma ein ny buss forbi. Denne fyrste dagen sat vi på heile runden utan å gå av nokon plass. Skal ein ta noko betre i augensyn er nok turane lagt opp til at ein skal hoppa av - så lenge bussane hadde grønt lys "fauk" dei forbi det mesta og ein måtte vera rask på avtrekkjaren om ein skulle få noko på bilete :-)


Men, litt fekk eg no med meg...

Greit å veta for meg som reiste på tur med ei tann som er sånn halvvegs rotfylt...

Litt artig - gamle jernbaneskinner som er satt opp langs ei gata for å gje litt skygge.

Dåke må ikkje tru vi låg på noko latsida på ferien vår. Vel ferdig med bussturen bar det tilbake til hotellet for å pakka badekler og jobba seg ned mot stranda med ein stopp innom akvariet fyrst.

Då vi bana oss veg nedover Las Ramblas - her var det mykje folk og uansett kva veg du gjekk virka det som om alle andre skulle motsatt vegg - høyrte vi brått eit forferdeleg bråk som kom nedover gata bak oss:


Bandios Italia - dei var mange og møtte raudt lys heile gata ned, så her blei det mykje lyd! Litt lettare nervøs for å fotografera denne gjengen, men det gjekk fint :-) Kan dåke tru dei sola seg i glansen - folk stoppa opp å kikka på begge sider av gata.

Litt kø for å komma inn på akvariet, men det gjekk greit og fort så brått var vi inne.

Spanande i haitunellen...

Kjekk kar ;-)

På ordre frå far - det er jo lov å håpa...

Etter akvariet hadde vi tenkt å gå bort til stranda. Sånn ca. halvvegs fann vi ein betre måte å koma oss der til:
Kjekk engelskmann som syklar turistar som ikkje gidd gå i varmen..

Skjønar??

Og så var vi på stranda - for fyrste gong i år! Ah - deilig - sol og badekartemperatur i sjøen :-)

Sjå kor nøgd! (Kjem ikkje fleire bikinibileter altså)

Dag 1 blei avslutta med ein liten drink rett rundt hjørna for hotellet vårt :-)


Dag 2 - ingen tid til å kvila - ut på ny sightseeingtur med buss. Blå rute denne gangen.


Eit av alle Gaudi husa i Barcelona - denne mannen kan definitivt ikkje vore ein tilhengjar av linjal...

Denne gangen hoppa vi av og på bussen diverse ganger. 1 stopp:

Sagrada Familia

Sagrada Familia - eit fantastisk byggverk! Påbegynt allereie i 1882! Skal visstnok bli ferdig inna 20 år no. Nok ein idè i frå Antoni Gaudì. Vi kom oss ikkje inn i kyrkja - køen gjekk rundt halve bygningen og vi er ikkje utstyrt med altfor mykje tolmod...

Det er så mange detaljar gøymt på dette byggverket at uansett kor mange ganger eg zoomar inn på bileta mine så dukkar det opp nye figurar og bokstavar heile tida. Utruleg!

Høgt heng dei...

Så, var det klart for neste stopp - enda ein Gaudì idè. Denne mannen har verkeleg satt sitt preg på Barcelona.


Park Güell.

Ein fantastisk park med sine "pepparkakeaktige" hus, detaljar og vegar i alle retningar - att og fram, opp og ned. Men, det var litt for varmt til at vi orka gå rundt og utforska parken så altfor mykje denne dagen. Eg tok ein liten tur i høgda, men det blei med det.

Sjå kor flott :-)

Eg trur eg er blitt ein Gaudi fan ;-)

Utsikt over Barcelona i frå Park Güell.

Det fine med desse bussturane er at dei har punkter på ruta der dei raude og blå rutene møtes og ein kan hoppa frå den eine ruta til den andre. Det var det vi måtte gjera for å nå vårt neste mål. Dette målet var det mannane som hadde bestemt at vi skulle fortsetja til - og, nei, eg snakkar ikkje om Barcelona sin fotballstadion, den køyrte vi berre forbi. Nei, det var noko anna dei hadde satt seg fore, nemleg...


..at vi skulle ta denne saken frå Montjuïc og direkte ned til stranda..Gulp!

Men, dette var ikkje noko å vera nervøs for - det gjekk så behagelegt og fint så. Og for ein utsikt ein fekk!

Oversikt over Las Ramblas.

Og her skulle vi tilbringa resten av ettermiddagen :-)

Dag to blei avslutta med ein Sangria - som eg slett ikkje klarte å drikka opp..


Se så - slik gjekk dei to fyrste dagane i Barcelona. Travelt, men flott! Eit innlegg om dag tre og fira dukkar nok opp etterkvart det òg..


























Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)