fredag 21. september 2012

Då må eg vel innsjå at sommaren...

....kanskje ikkje kjem i år - HELLER!

For då det endeleg slutta å regna, gjekk vi rett over til dette:

Melderskin 21.september 2012 - Brrr...
 
Då tenkjer eg at det kanskje er lika greit at eg har forsømt bobla den siste tida til fordel for dette:
 
Strikketøy! Sist laurdag var eg nemleg så lei av regn og vind at eg tok meg ein tur til Porselensbua og handla meg litt nytt garn. Eg har kanskje ikkje lika stort garnlager som Jane i Vrangmaska, men som dåke ser så tar eg kraftig innpå ;-)
 
Og etter ei veka med strikking ser verket mitt slik ut:
 
Nesten 1 ferdig sokk..
 
Ein skulle kanskje tru at ein skulle klart å få til litt meir på ei veka - kor vanskeleg er det å strikka ein sokk, liksom?? Men, når ein skal fylgja med på all slags TV-seriar samtidleg som ein skal strikka mønster (det er mønster på baksida og altså) endar det ofte slik:
 
Eg må vera ganske rusten i strikkefaget for eg kan ikkje huska at eg har måtta rekka opp så mykje og så mange ganger som på denne sokken! Skal eg fortsetja slik får eg ikkje nye sokker før til neste vinter...
 
Ja, ja, og slik går no desse dagane. Men i måro, i måro skal det bli andre bollar - for då skal eg rota meg utav sofaen og strikketøyet og reisa på ein etterlengta jentetur til by'n :-)
 
Yohoo - god helg folkens!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)