lørdag 1. september 2012

Villmarkens døtre...

...har jammen meg endeleg hatt si aller fyrste overnatting ute i villmarka!

I månadsvis har vi snakka om alle telturane våre, men når sanninga skal fram har vi ikkje vore på ein einaste telttur enda - inntil i går. Sist helg fann vi ut at det jammen var på tide å ta ut - slutta å snakka om desse teltturane våre og faktisk komma oss avgårde på ein. Men så virka det som om det skulle bli drittver denne helga og vi slo det litt i frå oss. Inntil eg køyrte på jobb i går morges i strålande sol! Her var det berre til å hiva seg rundt, senda avgårde ei melding og bli einige om at sekkane skulle pakkast og turen skulle gå opp i Eikedalen utpå kvelden. Eigentleg hadde vi tenkt at vi måtte ta ein litt lengre tur når vi fyrst skulle på ein slik tur, men heldigvis slo fornuften litt inn - ikkje berre kom det til å bli mørkt, vi var jo heller ikkje vane med å gå med fullpakka sekkar. Difor fann vi det best å ta ein øvelsestur fyrst.

Eg er vane med å ha ein liten sekk dinglande på ryggen, og då eg bar den nye, store tursekken ut i bilen lurte eg på kva i alle dagar eg hadde funne på...I mitt stille sinn tenkte eg at hvis eg klarte å komma meg til Flåtene med den sekken så skulle eg vera nøgd...

Månestråle og Den Røde Fjær er klar? Hvis dåke synes min sekk ser mykje mindre ut enn Ann Irene sin har dåke heilt rett. Eg synes min var meir enn tung nok, men ho kjenner jo ingen begrensingar så hennar sekk var sikkert dobbelt så tung...
 
Den Rosa Orkidè skulle ikkje vera med då ho måtte tidleg opp neste morgon, men det var inga unnskyldning for å ikkje fylgja oss eit stykke på veg.
 
Og ikkje veit eg korleis det gjekk til, men - orsak sjølvskrytet - eg var ein racer til å gå med sekk på ryggen!! Det gjekk jo som ein leik å komma seg opp på Flåtene. Og frå Flåtene og opp til Skarvene (det verste og kjedelegaste stykket eg veit om) gjekk det utan pause - det trur eg faktisk aldri eg har gjort før. Det var som om eg hadde fått eit tredje gir og den einaste forklaring eg kan komma på for denne forvandlinga må vera at eg no faktisk bar sekken på ryggen og ikkje på skuldrene og at det moglegvis tvang meg til å gå på ein meir effektiv måte oppover stien.
 
Pit stop på Skarvene og veldig nøgd med turen så langt :-)
 
Marit hadde fått beskjed om at sidan ho ikkje skulle vera med heile vegen, var det hennar oppgåve å varta oss opp på fyrste pit stop - med sprudlevatn! Og Marit tok sjølvsagt oppgåva på styrste alvor...
 
...og ikkje berre spanderte ho sprudlevatn - ho hadde til og med kjøpt presang til oss! Ypparleg telttidsfordriv, fann vi ut :-)
 
Kanskje ikkje akkurat malen på kva ein bør tylla i seg når mørket kjem sigande og ein skal ta til med den brattaste klatringa på turen, men vi smakte ikkje så masse altså!
 
Så var det på tide å vinka farvel til Marit slik at vi kunne komma oss vidare og ho heim før det blei heilt mørkt.
 
Det gjekk greit å komma seg gjennom klatre etappen, men siste stykke inn til Fagerdalen måtte hovudlyktene på skulle vi sjå kor vi trakka.
 
Vel inne i Fagerdalen fann vi oss ein flott teltplass kor vi slo leir oppå ei flate dekka med mjuk, flat brake. Ann Irene slo både opp teltet og tente bål - ho er nok den mest handy av oss ;-)

 
Så mørkt var det faktisk blitt når vi var klar for å grilla litt pølser til kvelds.
 
Og no kosa vi oss, dåke..
 
Men no vart det både litt vindig og kaldt og då var det på tide å krypa inn i teltet og oppi soveposane. Ein liten runde med det nye spelet vi hadde fått av Marit, og så var det på tide å sova litt. I allefall prøva og sova. Eg låg visst mest og høyrte på elvesus og vinden som tok tak i teltduken, bjørnen som luska på utsida, musa som skrapte på teltduken og ulven som ulte mot månen. Og så var eg så inni hampen tissetrengt, men eg hadde ikkje ork eller lyst til å ta turen ut og innbilla meg at eg skulle klara å halda meg til utpå morgonkvisten. Det måtte vel byrja å bli lyst i 4-tida??
 
Men så vakna min teltsambuar - og ho hadde ikkje tenkt å venta  med å gjera sitt ærend. Ut av teltet med ho, så var det stille ei stund før eg høyrte: "Gud, kor fint da va' ute no! Det er jo heilt lyst! Måne og greier. Kjempeflottt!" Då måtte jo eg og stikka snuten utanfor teltduken og ho hadde jo heilt rett! Klokka var 02.07 og Fagerdalen levde endeleg opp til navnet sitt. Tissinga gjekk unna i ein fei og så måtte kameraet fram.
 

 
Eg trur rett og slett eg blei litt måneforheksa ei lita stund!
 
Eg fekk ho no på film, men eg irriterer meg litt no på at eg ikkje har studert kameraet mitt litt betre og funne ut korleis ein skal ta dei beste bileta i mørket/måneskin.
 
Vi hadde nesten ikkje lyst til å krypa inn i teltet igjen, men det var ganske kaldt ute så det var greit å krypa i soveposane igjen. 
Så var det å prøva å sova igjen og drøyma om ingenting - i allefall ikkje om at ein kunne ha sete heima og kosa seg i ein flett ny sofa.....
 
Eg må ha duppa av litt for brått legg eg merke til at det regnar på teltet og at det er lyst ute. Og tenk klokka var blitt halv 8 allereie! Eg hadde tenkt å koka tomatsuppe til frukost i dag på stormkjøkenet eg fekk til jul i fjor og som enda ikkje er blitt brukt, men sidan det regna ute blei det innefrukost i teltet istadenfor.
 

Fyrst måtte Ann Irene ha seg ein blås..
 
SÅ var det frukost. Eg veit ikkje kor mange vi hadde mat med til, eller til kor mange dagar, men her trur eg vi har eit forbetringspotensiale når det gjeld mengda ein drar med seg. Er det rart sekkane var tunge...
 
Frukosten er inntatt og teltleiren blir rydda.
 
Ein liten tur opp Skaret til..
 
...Eikehytta...
 
....før det var på tide å vandra heimover igjen.
 
Heimovervegen gjekk fint, men..
 
..det må jo vera lov å kvila litt :-)
 
 
Strålande nøgd er eg med denne turen vår - den mest givande opplevinga eg har opplevd på lenge! Tenk desse to tøttene overlevde ei heil natt aleina ute i telt! Ikkje hadde vi gløymt å ta med nokon ting heller - vi hadde både mat, fyr, hovudlykter og alt det vi trong.
 
 
Det er sjølvsagt likevel eit par ting vi kan endra på til neste gang. Vi treng ikkje ta mat med for 14 dagar på ei overnatting og vi skal ALDRI meir bera med oss ein handlepose med ved på slike turar igjen - då får bål heller vera bål. Ann Irene hadde litt ved i sekken, medan eg hadde den i ein pose. Hadde ikkje Marit bore den opp til Skarvane hadde den aldri kome opp! Armane mine hang nedpå knea då vi ankom Fagerdalen! Og då vi endeleg hadde brukt den hersens veden til å fyra opp eit bål, grilla vi ei (1!!!!!!) pølse kvar før vi var mett!
 
Men, ellers som sagt strålande nøgd med turen  - ein av dei beste, om ikkje den beste vi har hatt!
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)