mandag 3. desember 2012

3. luke i Anita's julekalender...

...må jo og opnast - seint, men godt :-)

Litt snø og julestemningen slo ut for fullt - i allefall her i huset. Julepynten blei raska ned frå loftet og spredd utover. Ja, i allefall eindel av pynten. For i år som tidlegare år - mengda julepynt som får bli i eska aukar stadig. Eg blir stadig overraska over kva eg faktisk eingong har syntes var fint, men som eg no synes kjem innunder katergorien grusomt. Men kasta det kan eg jo ikkje - det kan jo henda det blir fint igjen eingong.....Så per i dag har eg omtrent meir julepynt gøymt vekk i esker og skap - i håp om at det eingong skal bli fint igjen - enn eg har julepynt som slepp igjennom sensuren.

Og kva skjer då? Jo ein har jo plutseleg altfor lite julepynt og må invistera i nytt! (Som antagelegvis om eit par-tre år havnar i eska med all anna ubrukeleg julepynt).

Så bak luke 3 finn vi i dag:



Dette vetle, søte lyshuset som eg fann på Nille i dag. Det passa jo fint på kjøkenbenken, for eg hadde jo ikkje noko julepynt å setja der...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)