søndag 20. januar 2013

Ei fantastisk helg omkring og på....


....Fjellandsbøvatnet har dette vore!

I går tusla eg meg ein tur opp skogsvegen ovanfor Fjellandsbøvatnet. Termometeret i bilen viste - 10 grader, men med strålande sol blei både vottar, sjal og hue liggande i sekken - i allefallpå veg opp. Ein skal ikkje gå langt før ein får flott utsikt ned på vatnet:

Om ein ser veldig nøye etter kan ein sjå at det er nokre sjeler som står på skeiser på isen.
 
Flott utsikt nedover dalen når ein har nådd toppen av skogsvegen.
 
Utsikt mot Tverrfjell - om eg berre hadde visst det for eit par år sidan.... Eg ha nemleg vore på ei større utflukt på desse kantar eingong før - dei som vil lesa om den turen kan klikka seg inn her: Alle vegar fører til Rom...
 
 
Så sat eg meg på ein topp og kosa meg med ein kopp solbærtoddy og ein liten sjokolade medan eg såg på...
 

Fly under sol?
 
Ein fin tur i går, men i dag var det på tide å komma seg isen. Det skulle visa seg at vi ikkje var dei einaste som hadde tenkt på det:
 
I dag myldra det av store...
 
..og små på Fjellandsbøvatnet.
 
Så mykje folk kan umogleg ha vore samla her tidlegare? Eg trur det stod bilar parkert i frå byrjinga av vegen til enden. Og midt i flokken kom vi vel forberedt og godt utstyrt med: Eit par passelege skeiser, eit par for små skeiser, eit par for store skeiser og ein spark...
 
 
Mor og dotter gjer seg klar for å innta isen.
 
Sånn ja, skeisene er komen på, men sidan det er ei stund sidan sist var det godt å ha sparken å halda seg i :-)
 
Men det skulle ikkje gå lang tid før det blei litt klyning og ynking om for små skeiser, og då fann ho lika godt ut at sparken skulle utstyrast med...
 
...sjåfør! Då kunne ho jo i tillegg kosa seg med kaffi på turen  ;-)
 
Marit var nok den som fekk mest trim i dag - ho skyssa oss både her og der. No gler vi oss til vi skal bu i kollektiv når vi blir gamle og pleietrengande og skal trilla rundt på kvarandre på denne måten dagleg: "No er det min tur til å sitja på!" "Nei, du trilla i går, så i dag er det min tur!" "Huskar du den dagen for hundre år sidan då vi var på isen?" " Det er ikkje hundre år sidan, der er.." ect. etc.
 
 
Så gjekk det ikkje lange stunda før vi fann ut at det var på tide å fyra opp bålet og ta fram grillmaten:
 
Og medan  Ann Irene tok seg av det, innbilla andre seg at dei var Sonia Hennie på isen..
 
Så kosa vi oss med bål, pølser, kaffi og kakao :-)
 
Marit nyt sola :-)
 
Men vi måtte jo leika oss litt til på isen:
 

Øving gjer meister...
 
...eller kanskje berre ein blir dumdristig??
 
Medan eg vakla rundt på ustødige bein, nytta Ann Irene høvet til å låna kameraet mitt. Eg prøvde å fortelja ho at ting er i fokus når ho ser den gule sirkelen nede i venstre hjørne, men etter at ho hadde fotografert både vel og lenge, ståande og liggjande, hadde ho framleis ikkje sett noko gul sirkel. Likevel må ho gjort noko rett  for ho har fått til nokre blinkskot:
 

Bra fokus her i allefall. Og kva synes dåke om...
 
...dette? Eg synes det vart knallfint!
 
Så er det nå slik at alle dagar har ein ende, òg morosame dagar. Etter eit par timar var det på tide å pakka saman skeisene og sparken igjen og gje seg på veg heim. Og så forlot vi Fjellandsbø..
 
 
ein vakker vintardag i januar 2013.
 
Eg treng nok mykje trening før eg beherskar kunsten å stå på skeiser, så eg ser ikkje vekk i frå at det kan bli fleire turar frametter på isen :-)
 
 

 

 

 


 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)