søndag 24. februar 2013

Ein fantastisk flott dag på fjellet...

..har det vore i dag!

I dag fekk VM vera VM - det var berre til å koma seg ut og nyta finveret. Vi bestemte oss for å rusla ein tur opp mot Storhaug i dag. Vi hadde ingen ambisjonar om å komma oss heilt opp då vi rekna med at vi kom til å måtte stoppa før vi kom så langt - anten pga av kondis eller snø ;-)

Isen smeltar fort i sola :-)

Det minna nesten om ein flott vårdag i nederste del av skogsvegen :-)
 
Nåso bada i sol.
 
Men div. iskunstverk...

...minna oss på at vi framleis ikkje er komen lengre enn til februar og at det framleis er vintertid.
 
Vi gjekk opp Ståle sin veg i dag. I byrjinga gjekk det greit utan store hindringar - bortset frå nokre store kyr vi måtte snika oss forbi. Men lenger oppe måtte vi fram med broddane våre og få dei på skoa.

Her var det ganske isete.
 
Så mykje is var det ikkje heile vegen, men vi måtte gå i snø. Det gjekk greit for sola hadde enda ikkje fått tatt så mykje då vi var på veg opp, slik at det var ok hardt føre. 

KondISen derimot, var eit større problem. Til tross for mykje pusting, pesing og syting (av underteikna - eg høyrte ikkje eit pip i frå Marit) var det ikkje snakk om å gje seg. Det gjekk jo som det ofte gjere - har vi gått så langt, så må vi gå resten! Så til tross for at eg til slutt hadde gått meg lika tom som Golberg i Val di Fiemme, så gav vi oss ikkje i dag før vi faktisk nådde Storhaug.
 

Og her var det jo reine Påskestemninga :-)
 
Og flott utsikt!
 

 
Stornøgd med å ha komen til topps kunne vi innta nista på nye benker i strålande sol på Storhaug i dag :-)
 
Kvifor eg står her strålande nøgd og peikar på nytt utstyr i beltespenna, og korleis eg har skaffa meg det, kan ein kanskje finna svar på i mitt neste blogginnlegg ;-)
 
Sjå kor flott det var idag! Her har vi vore ein rusletur bort og skreve oss inn i manntalet i turboka :-)
 
Men som vanleg så må ein jo til slutt pakka saman og ta fatt på heimvegen.
 
No hadde sola stått på ei god stund, så det var ganske bløtt å gå nedover i snøen. Men så snart ein kom lenger ned og inn i skuggen igjen så var det framleis hardt og fint.
 
Det var to ganske nøgde damer som kom ned frå fjellet i dag etter ein strålande dag i sola :-)

 
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)