søndag 24. mars 2013

NU må du pinadø skjærpe...

dæ, jente!

Gjekk forholdsvis ganske tidleg heim frå koseleg vennerslag i går kveld då eg ikkje ville risikera ein dag på sofaen i dag hvis det blei fint ver i dag. Og ikkje berre blei det fint ver i dag - det blei strålande ver i dag! Yohoo - opp og hopp - ut på tur! Låganåso, tenkte eg, Låganåso må eg komma meg opp på i dag!

Pakka sekken og tok ut. Eg var forberedt på at det kom til å bli glatt, så eg hadde utstyrt meg med både brodder og stavar.


Broddene kom på allereie her ved byrjinga av stien.
 
Opp mot fyrste utsiktspost var det mykje is i stien. Men det gjekk greit å gå likevel då ein nesten heile vegen kan gå ved sida av stien - og der er det ikkje is.
 
Fyrste utsiktspost - so far so good :-)
 
Neste etappe fortsatte på same måte, men på slutten blei det litt meir utfordrande opp steinura. Men brodder og staver gjorde susen, så det gjekk relativt greit.
 
Andre utsiktspost - framleis ved godt mot. Her låg det mykje is på berget og brodder duger uansett ikkje så bra på berg, så her valgte eg å finna ein veg rundt.
 
Fin utsikt mot Englafjell.
 
Men no skulle meir berg forserast og eg måtte heller passa på kor eg sat føtene enn å sjå på utsikta.
 

Dette partiet valgte eg og å gå rundt. Vikla meg inn i ei furu og drog meg fram etter lyngen. Den furua vart eg foressten så god venn med på veg ned igjen at eg valgte å omfavna ho skikkeleg  - som takk for at ho stod akkurat der ho stod...
 
Neste etappe var den greiste i dag. No kunne eg gå på skare som broddene fekk godt tak på. Eg trur faktisk eg aldri har gått denne etappen så raskt før..
 
Ser bratt ut, men her var det berre til å traska på.
 
Så då var eg brått komen så langt at eg berre hadde dei to siste bakkane igjen:
 
Dette var den fyrste. FØR eg tok fatt på den tok eg skrytebilete og sendte heimover for å visa kor fantastisk fint eg hadde det på tur - men så skulle eg jo opp... Ligg litt laussnøe her, men den er ikkje til hjelp for nokon ting som helst. Den ligg berre oppå knallhard skare og sklir vekk under beina på deg. Fyrst så tenkte eg at det såg lettast ut å gå der ingen andre hadde gått (raud pil) - at ingen andre hadde gått der burde vel vera hint godt nok...Eg kom ikkje langt før eg skjøna at eg måtte snu - og med livet som innsats kom eg med ned igjen. Her oppe var nemleg skaren så hard at med mine nedslitne brodder funka det berre å gå rett opp og rett ned. Forsøk på å gå på kryss og tvers var heilt døfødt - då sklei berre beina vekk under meg. Men, tru dåke det stoppa meg?? Sjølvsagt ikkje - eg karra meg opp same veg som folk hadde gått før meg.
 
Og brått var eg her - ein siste bakke igjen! Dette biletet lyg noko så inni hampen - både når det gjeld bratta og avstandar. Her er det BRATT, knallhard skare og berga er stort sett dekka med is. Det var ikkje så godt å sjå kor dei andre hadde gått før meg her, så eg peila med inn på dei raude T'ane, sjå raud pil. Eg hadde ikkje lange stykke igjen før det lille eg hadde av fornuft slo inn. "Anita, dette er galskap. Ein ting er å komma seg opp, men du skal ned igjen og. Og du må faktisk gå RETT ned. Dett du her blir du skrella open som ei banan!" Så eg bestemte meg for å snu, Då ser eg jo at dei andre har gått andre vegen og då kjem ein bort på berg som det ser ut som om ein kan gå på resten av vegen. Mitt problem var jo framleis at eg ikkje kunne gå bortover, så å prøva å komma meg over der var uaktuelt. Men å gå rett ned vart bråttt og i overmåte skummelt. Rett og slett utriveleg hadde eg det oppi bakken her. Så kom eg på den "smarte" idèn at eg kanskje kunne skli litt på rumpa og bremsa med broddene på skoa? Ja, Anita, det var smart - rett og slett livsfarleg smart. Det er heilt UMOGLEG å bremsa med brodder på denne typen skare. Det går heller ikkje ann å styra med noko ting som helst! Så dette blei dei lengste, og heilt sikkert dei raskaste, to-tre metrane i mitt liv. Eg rakk å sjå livet passera i revy, tenka på han far som sat heima og var bekymra for sin favoritt datter og på Ariana som sat og venta spent på om tante hadde fulgt formaninga "eg ynskjer meg Justin Bieber kler til bursdagen min". (Og det hadde jo sjølvsagt tante). På eit eller anna vis klarte eg vri det til slik at eg klarte å stoppa borti ei bergsprekk. Så der sat eg då og lurte på om eg skulle prøva å reisa meg, eller om eg skulle gje meg til der til vårsmeltinga var over....
....studerte mine skader og lurte på om dette var nok til å rekviera luftambulanse??? Smerten eg fekk då eg skulle vaska henden med såpa etter heimkomsten var heilst sikkert fortjent for å finna på slik toskeskap som i dag. Eg kan vel og seia at eg kjente med ein gong at det var noko som ikkje stemte når eg såpa inn stumpen i dusjen. Eg skal spara dåke for bilete, men eg sjekka om eg hadde hol i turbuksa etterpå...
 
Eg klarte no omsider å komma meg på beina. Resten av vegen ned bakken - framleis RETT ned - gjekk ikkje raskt - eg var ferdig med fart - ikkje spenning. Her var det å høgga stavane ned i skaren foran seg - så høgga ein og ein fot ned i samme skare litt og litt framfor seg. Og jubel - til slutt kom eg meg ned. Resten av vegen gjekk utan nevneverdige problem - som sagt kun ein goklem oppetter allereie før nemnte furu.
 
Eg fattar ikkje kva eg tenkte på når eg tok ut på denne turen - eg som er så pysete. Ikkje likar eg tivoli, einaste berg og dalbane eg tar er veghumpane før Hålandsdalen på veg til by'n, eg hadde ikkje hoppa i strikk om eg blei peika på med pistol, eg sjekkar framleis om det sit troll i kleskapet mitt før eg legg meg....
 
Nei, no skal eg ikkje nærma meg Låganåso før langt ut på sommaren! Så glad var eg når eg kom heim at eg...
 
...måtte ned på kne. Home sweet home!
 
Anita's fjellvettregel for Påsken 2013:
 
Ikkje gå denne turen folkens - det er rett og slett litt for spanande!!

 





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)