søndag 3. mars 2013

VM i skiskyting, VM på skøyter, VM i alpint, VM på ski...

....NU får det vera nok! For oss som må få med oss absolutt alt av sport på TV bortsett frå trav, motorsport og fotball har det vore nokre slitsomme veker. Så når Sverige i dag endeleg fekk sin etterlengta, og vel fortjente, gullmedalje så passar det vel fint å setja punktum og byrja krypa ut av hola si igjen.

Så medan Olsson feira i Val di Fiemme tok eg meg ein liten tur åt skogen for ein dose frisk luft. Blei berre ein liten tur til Flåtene denne gangen. Ikkje så mykje spanande å sjå på vegen, men mykje is å sjå.

Vinteren held stand - her måtte ein utav stien for å komma seg fram i dag.
 
Eg hadde sjølvsagt kameraet mitt med i dag og. Eg har vel strengt tatt sikkert tatt nok bileter av is og vatn i vinter, men for ein amatørfotograf er dette eit greit motiv å øva seg og finna utav div. kamerainnstillingar på. Og her kjem nokre av dagens bileter:
 




Dagens blinkskot blei dette:

Slett ikkje verst, synes eg sjølv i allefall :-)
 
Ellers så er eg jo blitt gamal dame sidan sist, og det var nok nokre av mine medarbeidarar som lurte på kva katten hadde dratt inn når eg stilt på jobb på torsdag....
 

...med hatt og perleøyredobbar ;-)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)