lørdag 21. september 2013

Vårt Turlag har hatt sin aller fyrste....

...tur i dag!

Låganåso vart valgt til fyrste turmål for det nye turlaget vårt. Det som starta som ein ide om å samla nokre damer til ein fellestur har på ein eller anna måte utvikla seg til å bli eit heilt turlag med, per skrivande stund, 80 medlemer på Facebook. Kva har vi gjort....

Veret spela oss eit puss i dag, men litt regn kan jo ikkje stoppa eit turlag frå å gå på tur... 12 spreke damer var vi som tok ut i dag - storparten utanbygds damer som aldri hadde vore på Låganåso før :-)

Ann Irene og Marit vart sendt i førevegen for å pynta litt i stien. Det siste dei fekk beskjed om før dei for var at dei måtte vera forsiktige å ikkje rota seg borti greiner og anna uhumskheter som kunne smella ballongane. Vi var ikkje komen langt på stien før vi kunne byrja plukka ballongfiller....Dei visste nok godt at dei ville få litt påpakk for jobben sin, for dei hadde allereie diskutert kva dei skulle seia til sitt forsvar når vi kom på toppen. Men det skal dei ha - dei var veldig flink til å plukka dei med seg igjen på veg ned.
 
Folk gjekk i forskjellig tempo oppover mot Låganåso, og slik skal det vera i Vårt Turlag - vi har plass til alle :-) Men sidan dei fyrste hadde måtta venta litt og var både våte og kalde når vi kom, blei det ein kort opningssermoni på toppen. Magnhild opna sekken sin...
 
 
...og ut kom det nok saker til at Brødrene Dahl hadde vorte misunnelege... Ho bles ein fanfare i baryton'en sin og eg syntes det var riktig så vakkert :-) At det ikkje var ventilar på barytonen merka i allefall ikkje eg..
 
Ein pitteliten tale rakk vi på, og så hadde vi sjølvsagt...  
 
...snorklypping. Dette biletet har eg ærleg og redeleg stjåle i frå Ann Irene Sæle :-)
 
 
Litt sprudlevatn delet vi sjølvsagt ut og :-) (Dette biletet har eg og stjåle frå Ann Irene)
 
Og så hadde jo Magnhild bakt skikkeleg god sjokoladekaka :-) No var det surt på Låganåso og dei fyrste byrja tenkja på nedturen igjen.
 
Desse to såg jo nesten ut som om dei hadde feira 17.mai i dag :-)
 
 
Til tross for feber så klarte sistemann å komma seg opp på toppen og - tøff dama! Og trur du ikkje ho hadde gullmedaljar med til oss?? :-)
 
Alle kom seg til toppen, og då kunne vi pakka saman sakene og byrja på nedturen igjen.
 
Eg synes Magnhild såg veldig stasteleg ut med baryton'en i sekken :-) No truar ho med å ha den med på kvar einaste tur. Eg har sagt ho ikkje treng øva så mykje....
 
Forutan at veret sjølvsagt kunne vore betre er vi veldig nøgd med dagens tur! No gledar vi oss berre til neste - som kjem snart :-)
 
PS! Og nei, jenter - eg køyrte ikkje heim med ørten ballongar hengande bakpå bilen :-) Enda eg trur det hadde vore eit fint syn :-) 
 
 
 


 
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)