søndag 17. november 2013

Er det opplett, er det...

...opplett??? Jaaaaa, i dag såg det ut som om det endeleg gjekk an å stikka snuten utforbi husdøra utan å bli kliss blaut :-) Eit par mobilmeldingar og vips så var Ann Irene og eg i bil på veg til Handelandsdalen.

Handelandsdalen har eg ikkje vore i på så lenge eg kan husk , og sidan vi begge hadde børn som skulle reisa til by'n på ettermiddagen, fann vi at dette var ein passeleg, liten luftetur i dag :-)

Fine haustfargar enda her.
 
Spanande - vi måtte sjølvsagt fylgja desse pilene. Men då vegen byrja gå attende mot Valen droppa vi dette og bestemte oss å gå tilbake å fylgja vegen inn dalen likevel.
 
Det er jo ikkje så veldig langt å gå før ein kjem inn her. Ann Irene hadde både pølsa og pinnebrød i sekken, men vi peisa forbi hytta.
 
Vi fylgde vegen vidare og då var vi brått på ukjente vegar begge to. Eg trudde det berre var sti vidare, men vi fylgde faktisk ein gamal veg ganske langt og lenge.
 
Vi er begge to krye av å ha entra den moderne tid og blitt utstyrt med smart- og touchtelefonar, men kanskje like greit vi prøver å ta dei fram langt frå folk. Han lurte i allefall sikkert han som såg Ann Irene ringa i sin mobil - og så tok eg opp min og sa hallo.... Ja, det er gleda av å liggja fyrst på tlf.lista til folk... ;-)
 
Etter å ha gått ei stund kom vi til endes på vegen og gjekk over på sti. Her stod det og eit skilt som det stod Tveitedalen på og som peika nedover. Vi valgte då, heilt logisk for oss, å ta stien som gjekk oppover - det var ingen skilt som viste kor den gjekk hen....
 
 
...og brått stod vi her, midt i ein liten foss.
 


Det er visst meininga ein skal koma seg over ved å halda seg i jernstanga som ligg tvers over her, men det var mykje vatn og frista ikkje meg så mykje...
 
...men ho her hadde så lyst, så lyst. Og eg må vedgå at eg pusha litt på og var superklar til å sjå korleis ho skulle åla seg over til andre sida - eg såg for meg at eg kunne få nokre blinkskot av det :-)
 
 
Men ho tok til fornuft og så blei det ein liten nistepause i fossen i stadenfor.
 
Sidan det blei ein brå stopp, veit vi jo eigentleg ikkje kor vi var på veg hen. Men vi trur det kan vera ein fin tur med litt mindre vatn i naturen. Og det er sikkert ein fin tur å gå til Tveitedalen og. Vi derimot, som berre skulle ein liten tur i dag, byrja på returen.
 
Tilbake ved grillhytta tok vi oss tid til å fotografera litt:
 
Trer og vatn kan vera ganske så fint..
 
 
Fint, ikkje sant?
 
Men no måtte vi koma oss tilbake og koma oss heim. Men det er jo litt kjedeleg å gå same veg tilbake når det finnes alternativ - det syntes i allefall eg, og forlanga at vi skulle gå tilbake på andre sida av elva. Eg var HEILT sikker på at vi likevel skulle enda opp ved bilen.
 
Og det var jo fint å fylgja denne gliss våte og glatte stien og sjå over på grusvegen på andre sida.
 
At Ann Irene heilt i frå byrjinga meinte på at vi umogleg kunne koma ned på same plass som vi starta valgte eg å overhøyra. Ja, vi var på feil sida av elva, men det kom sikkert ei bru ein eller anna plass - det gjorde det - Handelandsbrua - heilt nede ved hovudvegen....
 
For vi gjekk og vi gjekk og vi gjekk...Og etterkvart måtte eg vel vedgå eg og at kanskje eg hadde tatt feil. Det kom jo aldri ei bru... Og då vi passerte ein fotballbane i stadenfor skytebane, kunne Ann Irene triumferande slå fast at vi kom ned akkurat der ho hadde vore redd for at vi skulle koma ned. Men eg har jo aldri sett Sandvoll bygg i frå oven, så eg syntes no det var heilt ok.... Ikkje har eg gått over Handelandsbrua til fots før heller, så det var jo noko nytt.
 
No hadde klokka heilt runne i frå oss og vi hadde det faktisk litt travelt. Eg visste jo eigentleg at vi kunne peisa opp til Handeland og ta ein snarveg rett over til Handelandgård, men eg hadde jo ikkje vore der sidan eg var veldig liten og kanskje dei som budde der huska at eg pleide koma på besøk då eg var mindre og kasta sølekaker på dei?? Tryggast å gå rundt..
 
Så då blei det ein tur langs landevegen på oss...
 
Vi vurderte dette...
 
Og blei veldig glad når vi endeleg såg Handelandgård :-)
 
Og berre så det er sagt - snarvegen frå Handeland til Handelandgård er ikkje berre ein sti i våre dagar - det er ein veg. Pytt, pytt.
 
Ja, kven skulle tru at Handelandsdalen kunne romma så mykje og at det faktisk gjekk an å gå seg litt vill? Det blei ikkje middag på guten i dag, men han rakk i allefall båten tilbake til Os ;-)

 

 
 
 

 
 

 

 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)