tirsdag 31. desember 2013

Alle her på Bobla...

...altså meg...vil takka Boblelesarane for 2013 og ynskja dåke eit riktig Godt Nytt År i 2014!

Etter å ha hatt eit knippe flotte venninner på Champagnelunsj (som varte til kl. 16.30!) kviler eg no boblene av meg før eg tar ein runde til over grytene for å laga litt mat til kvelden. Blir ei roleg feiring heima med god mat og drikke før vi går over vegen til mor og far for å skyta opp fyrverkeriet.

Eg veit ikkje heilt korleis det blir med Bobla i 2014 - masse innlegg - lite innlegg - eller ingen innlegg, ja, det tar eg som det kjem. Nyttårsforsettet i år trur eg får bli å ikkje ha noko nyttårsforsett :-)

Avslutter året 2013 her på Bobla med eit lite visdomsord ein kan ta med seg på veg inn i 2014:




Ha ei strålande Nyttårsfeiring, folkens!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)