torsdag 5. desember 2013

Tiddelibom....

..Ja, i dag har det jammen vore mykje ver og nett no er det faktisk litt kvitt ute :-) Ser voldsam ut denne stormen som har råka Noreg i dag - sjølv om eg ikkje trur det har vore så ille her i Uskedalen - i allefall ikkje etter er kom heim frå jobb. Ikkje var det så ille på Opsanger heller, men eg kunne jo sjå at det bles kvitt uti fjorden og frå Halsnøy kom det meldingar om at dei haldt på hatten :-)

Men kva gjer det om vinden uler litt ute når ein kan sitja inne og kosa seg? Eg driv i grunnen på med litt forskjellig løye her i juleverkstaden min fortida, men eg kan jo ikkje visa dåke ein skit av det for det er jo julehemmelegheitar ;-) Men litt julestemning må vi jo ha på bobla no:

Byrjar bli jul i stova :-)
 
I morgon er det julemarknad og tenning av julegrana kl. 1700, folkens! Har dåke fått med dåke at det er 50 år sidan julegrana blei tent for fyrste gang?
 
Eg har kome utav talet på kor mange ganger eg har stått ute i teltet og steikt lappar no, men i morgon er eg klar igjen :-) Dvs. veret ser foreløpig ut til å setja ein stoppar for teltoppsetjing. Men vi er jo så heldige i Uskedalen at vi kan flytta innomhus hvis veret slår seg vrang - så her er det ingen grunn til å halda seg heima :-)
 
Sjåast i måro!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)