søndag 5. januar 2014

Fyrste turen i 2014 opp...

...Monsterbakken - altså Pålavegen - blei unnagjort i dag! Det er her eg testar tilstanden på formen etter all julekosen :-) Og denne gangen får eg vel legga til høstkosen og. Det har nemleg blitt mykje treningsskulking dei siste månadane...

Eg tok ikkje med hverken tørt eller vått i dag då eg rekna med at eg kom til å luska meg slukøra ned att etter eit par svingar..Men, sannelig det sier jeg eder: Formen var slett ikkje så verst, den. Det gjekk ikkje så fort, men eg fann min eigen marsjfart, som det heiter, og oppover bar det - sving etter sving.

Ikkje hadde eg kameraet mitt med meg heller for eg tenkte at eg hadde meir enn nok bileter av Ulvanåso i arkivet mitt no. Men så kom eg brått på at eg har ein panoramainnstilling på kameraet på mobilen min som eg ikkje har fått testa ut enda - så då måtte eg jo det. Og slik blei det biletet:

Ulvanåso, Englafjell og stien på andre sida av dalen på eit og same bilete - artig.
 
Dette var jo litt moro. No fekk eg blod på tann - eg måtte jo høgare opp slik at eg fekk skikkeleg utsikt! Eg langa i veg i ein felande fart og enda opp med det eg vil tru er ein aldri så liten lyskestrekk...Men eg lot jo ikkje det stoppa meg, så eg slepte høgre foten med meg vidare, for opp skulle eg. Ja, det var sikkert ikkje så gale, men det var ikkje så godt heller.
 
Omsider, i ein litt mindre fart, kom eg meg opp til endes på vegen og kunne leika meg enda meir mer denne panoramafunksjonen på mobilen:
 
Her har eg og fått samla litt meir på biletet enn normalt :-)
 
Og når eg fyrst var komen så langt så fekk eg no gå opp på toppen slik at eg kunne sjå utover Mannsvatn og. Det bles og regna og var ganskje gufse her oppe - var så vidt eg klarte halda meg oppreist på beina. Mobilen tvihaldt eg på så ikkje vinden skulle røska den utav hendene på meg, medan eg filma og filma. Eg trur nok kamera reagerte litt på vinden for eg fekk stadig beskjed om at eg bevega det for raskt - eller for langsamt. Men nokre bileter fekk eg no tatt.
 
Mannsvatn og Solfjell.
 
Mannsvatn og Ulavanåso i same bilete - det har eg nok ikkje fått til i denne vinkelen før :-)
 
Eit laaaaangt bilete av Ulvanåså, Englafjell og deler av fjorden.
 
No var det så kaldt og gufse at eg fekk sjå til å pitla meg ned frå fjellet igjen. Eg var ganskje nøgd med meg sjølv der eg vandra, hoppa litt og plystra litt (nei, det gjorde eg vitterleg ikkje).
 
Dette var ein fin fyrste tur i 2014. Det er mogleg det er eit blaff og all energien frå all julesnopet som kom ut i dag, men hvis ikkje så er det godt å kjenna at eg ikkje må byrja heilt på byrjan med å bygga opp formen igjen. Likevel - det er enda bra det er eit halvt årstid til Galdhøpiggen skal bestigast :-)
 
Så her sit eg med eit vondt kne og lyskestrekk og er likevel godt nøgd med dagen :-)
 
 
 


 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)