søndag 1. februar 2015

Ny PC i hus...

....så då er det kanskje mogleg å blåsa liv i bobla igjen utan at det skal ta ein dag eller to og få laga til eit innlegg...

Etter å ha sete i sofaeksil i nokre veker pga ein forkjølelse som ikkje vil gje slepp, MÅTTE eg berre ut og nyta denne fine søndagen. Eg heiv meg rundt i morgontimane, pakka sekk og gjorde klar ski for å bli med Anne-Grethe og co. til Nautavatn. Her har eg vore to gonger før på ski - begge etter mørkets frembrudd. I dag skulle eg endeleg få vera med å gå i dagslys :-) Om eg bør visa meg for andre med ski på beina i dagslys, er ein anna sak....

Det var mange som hadde tatt turen til Fjellhaugen i dag - det var tross alt den store "kom deg ut" dagen. I vårt fylgje var det nokon veldig skivante, nokon som likar å gå med feller og nokon som ikkje er så begeistra for feller. Dermed fordelte vi oss litt oppetter løypa - det blei eit strekk i feltet, som det heiter på skispråket :-)

Det er når ein ser slik som dette ein skjønar kor mykje snø det faktisk er i fjellet for tida - ikkje vanleg å sjå skiltet til Fagnabotn slik som dette.
 
Anne-Grethe klar for turen inn til Nautavatn i frå Fagnabotn.
 
Klar denne dama og :-)
 
Det var fantastisk flott å gå skitur i dag. Eg er vane med å gå litt opp og ned, bort og rundt når eg har gått til Nautavatn tidlegare, men med så mykje snø i fjellet som det er no, er løypa blitt mykje enklare. Det siste stykke inn mot vatnet var jo berre strake vegen :-)
 
Så flott var det å koma opp til Nautavatnet i dag :-)

Og trur dåke ikkje vi skulle over?? Vi skulle faktisk ut i sola....

....og det var eg VELDIG klar for :-)
 


No var eg i nye skispor - over vatnet har eg ikkje vore før. Eg hadde nok ikkje tatt sjansen på å gå over om ikkje det var for at det gjekk mange spor over - vi fekk tru det var trygt :-)
 
I solsteiken, varma litt i allefall, fann vi igjen resten av gjengen som sat og kosa seg med nista.
 
Hytta vi slo oss ned ved.
 
Fekk tid til niste og å nyta sola litt vi og :-)
 
Sjå kor flott det glitra i snøen i dag!
 
Og så deilig å sjå denne gule saken igjen :-)
 
Jammen hadde vi det fint. Vi hadde nesten ikkje lyst å gå vidare. Anne-Grethe og eg var i vårt ess og ganske kjepphøge - vi innbilla oss at vi var klare for Grønlandstur med Truls Svendsen....
 
Eg var litt skeptisk då det blei bestemt at vi skulle gå over Reikatindane og via Nesjastølsvatnet heimatt. Såg for meg nokre voldsame nedoverbakkar - og alle veit at eg ikkje står ned ein fartsdump eingang utan å skjelva i beina. Men eg blei berolega med at det ikkje skulle vera så gale. Det var det ikkje heller. Ein bratt bakke, som blei forsert sidelengs, til å byrja med og så blei det flatt igjen. Så skulle vi gå langs sida av fjellet. Her kom vi innpå nokre skarete punkter innimellom, og er merka at det ikkje var noko favorittplassar for meg. Her måtte eg konsentrera meg om å gå rett fram og eg var kjempeglad for at hadde ski med stålkantar. Anne-Grethe, derimot, lea ikkje på eit augenlok over desse partia eingong. Eg gjekk sjølvsagt med feller både opp og ned - eg trur alle andre tok av sine :-) Men i dag hadde eg kutta ned til kortfeller, altså - ikkje lange. Eg ser på det som ein framgong :-)
 
Litt knall og fall blei det på vegen tilbake til Fagnabotn, men det skjedde heldigvis der det var mjuk snø ;-) Eg prøvde å laga mine eigne spor nokre plassar, og det enda som regel med eit mageplask...
 
Omsider kom eg daffande ned til Fagnabotn, eg og. Jada, eg veit eg må mota meg opp og ta av desse fellene når eg skal ned av fjellet. Foreløpig øver eg meg på å koma ned i det heile, og eg synes sjølv eg blir litt tøffare for kvar gong. Eg sendte dei andre nedover mot parkeringsplassen og så prøvde eg å ploga meg nedover eg og. Kan vel ikkje skylda verken på det eine eller det andre, men dette hadde eg verkeleg ikkje hofter til i dag! Ploging plar vera noko eg beherskar, men i dag fekk eg visst ikkje det til eingong. Litt ned i bakken skulle eg igjen prøva meg å laga mi eiga løype ned i laussnøen - og låg jo då igjen med beina i veret og buksa nesten nede på knea. Og når eg fyrst har lagt meg til slik så har eg jo ikkje noko særleg krefter til å koma meg på beina igjen. Så då tenkte A.Enæs at nok fekk vera nok, tok av seg skia og avslutta turen på beina med skia under armen :-)
 
Pytt sann, det bryr eg meg ikkje om. Vi hadde ein utruleg flott tur i dag og eg håpar på mange slike frametter. No sit eg her i sofaen, nydusja, mett og med raude roser i kinna :-)
 
 PS! Det er Anne-Grethe som har tatt dei fleste bileta i dette innlegget :-)

 
 
 
 

 

 
 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)