onsdag 4. februar 2015

Fantastisk flotte dagar...

...vi har for tida. Men det er jo ikkje så lett for oss som jobbar inne å koma oss ut å nyta finveret.

Kvar dag denne veka har eg site å kikka bort på Valen som badar i sol dagen lang, eg har har køyrt heim frå Halsnøy i sol, gjennom Husnes i sol - men så er det jamt slutt. I indre luten (les på Eik) er det ikkje mykje sol å finna enda, og når ein har fått middagen i seg er det jo byrja bli mørkt allereie. Då er dørstokkmila skrekkeleg lang med tanke på å koma seg ut...

Men i dag hadde eg bestemt meg for at jammen skulle eg og koma meg ut medan det enda var sol og dagslys. Eg pakka difor meg med turklede når eg køyrte på jobb, og på heimveg stoppa eg på Stripo for å trava opp her:

Ja, altså, ikkje så langt, men opp Onarheimslio :-)
 
 

Trava var vel og å ta litt i, men det var fint å gå opp her. Det er gysla tungt å gå i snø, men her var det trakka ned sti heile vegen, så det var fint å gå. Litt skugge og litt sol om ein annan oppover.
 
Ahhh, så flott!
 
Oppe! Eg håpa litt på brus og sjokolade i den boksen, men slik flaks hadde eg sjølvsagt ikkje ;-)
 


Fin vinterutsikt over Husnes. Framleis sol på toppen av Onarheimslia, men ho har gått ned på Husnes.
 
 


 
Var ein fin ettermiddagstur dette, opp og ned lia. Fann ut at eg brukt sånn ca. 1 time og 10 minutt på turen. Fin temperatur å gå tur i var det og. Trur jammen eg skal gjera denne stoppen på veg heim frå jobb fleire ganger medan eg ventar på at sola ska dukka opp at på Eik ;-)

 
 
 
 
 






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)