tirsdag 20. august 2013

Vill, vakker og våt...

....eg snakkar sjølvsagt om Ænesdalen!

Så snart det kikka fram ei solstråle på søndag tikka det inn forespurnad om tur på mobilen min. Og sidan eg stod mitt i kjøkkenvaskinga var ikkje eg sein om å takka ja :-) Hadde eigentleg tenkt oss til Bondhusdalen, men kom heldigsvis på at Furubergsfossen sannsynlegvis var stengt. Så då fekk eg lokka Ann Irene med meg i Ænesdalen i stadenfor. Og det gjekk mykje lettare enn eg hadde trudd, for ho er jo eigentleg ikkje så glad i flat veg, den dama...

Juliette huset ligg idyllisk til rett rundt svingen frå kyrkja. Hvis dåke går tur her må dåke legga merke til alle hønene - både levande og ikkje levande...
 
Desse tre kosa seg i sola :-)
 
Og sjølv om det var sol no så bar dalen preg av at her hadde det regna - mykje!
 

Her skal det vel strengt tatt ikkje vera ein dam i utgangspunktet??
 
Det rann godt unna her...
 
På veg opp den eine oppoverbakken som finnes på veg inn til Setra følte vi oss litt "uglesett". Det var kanskje ikkje så løye, for når vi løfta blikket sat denne skapningen og kikka på oss:
 
Ser det ikkje så godt på biletet, men i verkelegheita likna det faktisk på ei diger ugle :-)
 
På toppen av bakken måtte eg sjølvsagt beordra Ann Irene til å sitja ned og smila på den obligatoriske kvile- og fotograferingsbenken.
 
Heile vegen innover mot Setra rann det vatn både her og der.
 
Vel inne på Setra måtte vi sjølvsagt skriva oss i boka :-)
 
Eg har jo vore her mange gonger, men for Ann Irene var dette nesten ein heilt ny oppleving. Eg høyrte berre lovord og skryt over kor fint det var...
 
 

...men her kikka vi på ho med store auge, både Frikken og eg..
 
Er vi på tur, så er vi på tur - sjølv om det no byrja å regna så stoppa ikkje det oss. Vi bestemte oss for å gå enda lengre inn i dalen.
Og det blei ikkje mindre vatn her..
 
No går det ikkje lenger veg, ein må over på sti. Med alt vatnet så blei vi litt kreative når det gjaldt å fylgja den. nokre gonger måtte vi gå ovanfor stien, andre gonger nedanfor stien - og atter andre gonger plaska rett uti han. Heilt tilfeldig har vi vore å kjøpt oss like joggesko av typen Salomon, berre ulike fargar. Og det må eg seia, eg er mektig imponert over kor vanntette dei er. Dei haldt meg tørre på beina uventa lenge, men når vatnet går over kanten på skoa og renn oppi kunne eg vel ikkje forventa at eg skulle koma tørrskodd gjennom heile turen...
 


 
Mykje fint å sjå i vatnet hvis ein berre ser etter :-)
 
Og vi gjekk og vi gjekk og vi gjekk - lengre enn eg har vore innover dalen tidlegare. I Ænesdalen kan ein gå og gå og gå i timarsvis. Veret tatt i betraktning + at vi missa stien litt + klokka byrja bli mykje + vi såg det var langt igjen til vi ville koma fram til noko, gjorde at vi omsider bestemte oss for å snu.
 
Vi gjekk nok eit stykke lenger enn dette.
 
Og på veg tilbake måtte vi over alle dei same bekkane vi hadde forsert andre vegen... Lika blid, ser det ut som :-)
 
Vel tilbake på Setra tok vi ei lita nistepause. Solbærtoddy og rett-i-koppen suppa - no er det på tide å finna fram høstnista :-)
 
Begge to var eininge om at dette hadde vore ein fin tur. Vi snakka litt om at Ænesdalen var ein fin plass å arrangera felles telttur til ein ettermiddag. Her er det flatt og fint å gå for dei fleste. Mange fine plassar å slå opp telt og ein kan laga bål å grilla nede ved elva om kvelden. Dagen etter kan ein leggja ut på ein lengre fellestur innover dalen. Nokon som synes det kunne vore kjekt å få til??  
 




 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)