lørdag 24. august 2013

Ein flott opptur og ein grusom...

nedtur! Slik kan vel dagen i dag beskrivast for min del.

Så kom det ein gløtt av sommar igjen, og sjølv om det strengt tatt er for varmt form meg å gå til fjells i 20 + grader, så bestemte eg meg for å ta ut. Etter å ha knaska jern og folsyretablettar i halvannan veke og fått to B12 vitamin sprøyter, måtte eg testa om det hadde hatt nok effekt på formen. Dog venta eg ikkje noko mirakel, eg er fullt klar over at trening er det som antagelegvis vil gje best resultat...

Eg la i veg oppetter Eikedalen - eg skulle minst nå Eikehytta i dag! Opp til Flåtene gjekk det greit - skulle berre mangla for det går jo alltid greit...Marsjfarten var nok ikkje noko større enn vanleg, eg var ikkje så opptatt av å gå så fort, men koma greit fram. Eg stoppa i enden av Flåtene og tok meg ein drikkepause før eg skulle ta til på stien opp til Skarvene. Stussa litt på at det var noko som mangla - aha - melkesyra - eg hadde jo ikkje kjent noko melkesyra i beina enda! Og svette - var det ikkje så varmt at eg allereie skulle ha byrja å svetta?? No kom det jo ein god bris nedover dalen, det hjalp jo noko mot varmen.

Eg hadde planlagt neste drikkepause når eg kom opp på Skarvene + ein liten pust i bakken. Men då eg kom dit kjente eg at eg hverken hadde brukt for det eine eller det andre (hm!), så eg fortsatte berre å gå...

Då eg kom på toppen og skulle byrja gå inn til Fagerdalen tok eg ein ny drikkepause - eg veit jo at eg har ein tendens til å få i meg for lite drikke på tur. Framleis ikkje sleten og no burde vel svetten ha drypla av meg?? Og kor i all verda blei melkesyra av??? Dette var ei ny oppleving for A. Enæs.

Stoppa kun for å fylla vatn i flaska mi i Fagerdalen der kor stien kryssar elva. Eg har ALDRI gått forbi her før utan å ta ei kvilepause og få i meg litt mat! I dag stoppa eg som sagt kun for å få påfyll av vatn. Eg synes i grunnen det et litt kjedeleg å gå tur aleina - retting - eg synes det er skrekkeleg kjedeleg gå gå tur aleina, men no byrja det nesten å bli kjekt :-) Eg kikka mot Eikeskaret og istaden for å krympa meg byrja eg å gleda meg. Det har eg heller ALDRI gjort før - det er heilt IMOT normalen!

Og ikkje eingong ved foten av Skaret stoppa eg for å kvila - nei, eg skulle opp og fram! Løype! Ja, heilt sånn var det vel ikkje - det var jo ingen andre her... Eg sprang ikkje opp Skaret, men eg gjekk opp heile Skaret utan å pusta så høgt og mykje at dei høyrte meg heilt heim og utan kvilepausar! Kortid har det skjedd før???

Eg som plar dra meg opp over kanten på Skaret på alle fira etter neglene som skjære seg ned i lyngen medan tunga kostar stien rein for grus og anna grums! Kva skjedde no??? Brått stod eg på toppen - på to bein og med tunga godt plassert der den høyrer heime og følte meg framleis ikkje spesielt andpusten!

"Du store mirakels! Er det SÅNN det skal kjennast ut å gå på tur??, tenkte eg, medan eg med eit stort glis frå øyra til øyra svinga inn på stien til Englafjell :-) Eg må jo gå litt til, tenkte eg. Så får eg sjå kortid det seier stopp. Og det gjorde det her:

Sånn ca. midt mellom Eikehytta og Englafjell.
 
No var det ikkje slik at det var kroppen som sa stopp, det var fornuften som slo inn. No var eg komen til eit punkt kor ein må klatra på berg og akkurat der eg stoppa må ein lyfta knea så høgt at dei kjem i høgda med øyrene for å komma seg vidare... Så smidig var ikkje eg i dag, og akkurat det med knea skjøna eg at kom til å bli eit problem. For om eg var aldri så nøgd med resten av kroppen så hadde eg kjent ei stund at venstre kne kunne bli ei utfordring. Så sjølv om eg så gjerne ville fortsetja så valgte eg å snu å gå tilbake til...
 
...Eikehytta for å eta nista mi der.
 
Og etter å ha sete der og kosa meg med nista mi ei stund måtte eg gjera meg klar for heimturen. Eg tok på støtte på kneet (i ettertid slår det meg at det burde eg gjort allerie før eg starta på turen) og så tok eg fram stavane mine. Reiste meg og - AU! - skjøna med eingong at dette kom til å bli ein lang og vond tur heimover. Og det blei det - kneet var slett ikkje samarbeidsviljug lenger. Ikkje eingong på snø trur eg nokon har gått så på tvers nedeover Skaret som eg gjorde i dag. Og då eg endeleg kom ned hadde eg brukt så lang tid at eg måtte børsta mose av meg. Heldigvis er det stort sett i nedoverbakke det gjere skikkeleg vondt, bortover går det framleis ganske greit. Men, så "bitt" ein seg slik i eit forsøk på å ikkje belasta foten på alle slags moglege måtar at før ein veit ordet har ein vondt i frå kneet og til langt over hofta. Og i den andre foten, som må ta i mot dei fleste støyta, får ein nesten krampe i leggen. Ja. det blei rett og slett berre ein tullballtur nedover fjellet i dag - det såg sikkert ut som om eg nett hadde krøpe fram frå under ein stein for fyrste gong på eit par hundre år..
 
Nei, dette var ikkje kjekt i det heile tatt. Hvis kneet skal vera slik må eg vel innsjå at eg faktisk kanskje ikkje kjem til å kunna gå dagsturar til Englafjell, Ulvanåso eller andre slike fjell i det heile tatt lenger. Spørs om ikkje eg må gå å få ein sjekk på det for å sjå om det kan fiksas...
 
Men, bortsett frå det så er eg veldig nøgd med turen - her skjer det endringar. Ein slik tur som i dag vil normalt sett sendt meg rett på sofaen med dundrande hovudverk i to-tre timar - i dag kjente eg ikkje antydning til hovudverk i det heile tatt! Det anar meg at det slett ikkje er for lite drikke som har vore orsak til hovudverken, slik eg har trudd, men rett og slett for lite oksygen - noko B12 vitaminane no ser ut som har byrja få skikk på.
 
No kjenner eg at eg gledar meg til resten av høsten og fleire turar så eg kan sjekka om den gode utviklinga fortset - og enda skal eg ta i allefall to sprøyter til:-)
 
Men, eg må kanskje sjå om eg har nokre gamle laken eg kan sy om til ei flygedrakt med tanke på nedturane.....
 
 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)