lørdag 25. juli 2015

Synes eg har brukt mykje tid i sofaen...

...den fyrste ferieveka mi, men eg har no fått trimma meg litt og.

I mitt forrige innlegg var eg ein liten tur på Storhaug - det var på onsdag. Dagane før hadde eg slått i hel litt tid med å gå/jogga til Kalkstasjonen, ein gåtur opp Pålavegen og ein gåtur rundt dalen. Så kroppen var kanskje ikkje heilt klar for langtur allereie på torsdagen... Men ut på tur skulle eg igjen - denne gangen i fylgje med Magnhild og kusine Lene :-) Eg har fått litt føringar på kva eg får lov til å skriva om målet for den turen, men det var i allefall ikkje Geitedalstind ;-)

Vi starta turen ved Kalkstasjonen i lett duskregn, men vi var ikkje komen langt før vi måtte stoppa og hiva av oss regnkleda. Eg blei jammen meg både varm og svett lenge før vi nådde Låganåso, sjølv om det ikkje var det eg vil kalla skikkeleg sommarver den dagen heller. Ein liten pust i bakken der - og lange blikk mot Geitedalstind. (som ikkje var målet, altså). Men vi kunne jo ikkje gje oss heilt på Låganåso heller, så vi la i veg oppover igjen. Det var ein anna fart på Magnhild og kusine Lene enn meg, men eg subba no etter så godt eg kunne. Kusine Lene var usikker på kor langt ho turde gå, var litt redd for at høgdeskrekken skulle setja inn. Sjølv om det var forholdsvis fint ver, låg det ein tåkedott og surra rundt toppen på Geitedalstind - noko som sjølvsagt ikkje gjorde noko så lenge det ikkje var målet vårt ;-) Eit godt stykke opp i fjellet, men likevel eit stykke under ura opp til Geitedalstind sat vi oss ned og pausa litt. Skulle vi gå lenger måtte dei andre brukt mykje tid på å venta på meg, kusine Lene var framleis usikker på kor lenge ho turde vera med, medan Magnhild sendte lange blikk mot toppen. Etter litt om og men bestemte vi oss for å gje oss på tap (tap?? Eg har jo ikkje nemnt kva målet for turen var...) denne dagen og vandra ned igjen. Det var litt kaldt, vi synes ikkje veret såg så lovande ut på toppen og av ein eller anna grunn byrja vi snakka mykje meir om basar og strikketøy enn fjelltur. Eg tok ikkje så mange bileter på den turen, men....

...eit utsikt bilete tok eg no.
 
Vel heima rakk eg akkurat å eta nista mi og visa fram...
 
...dei bleike leggene mine på trappa før regnet hølja ned igjen...
 
I går tok eg ei pause og haldt meg i ro, men i dag var det ut på tur igjen! Må igjen referera til mitt forrige innlegg der eg lurte på om nokon ville vera med meg til Borgundøy og opp på Borgundnuten? Det var det jo, men kven skulle tru at vi skulle ta ut på den turen allereie i dag???
 
Men det skulle vi altså. Kl. 09.10 blei eg henta av Jorunn og Marianne, og avgårde for vi for å rekkja ferja frå Sydnes kl. 10.10. Ingen av oss hadde vore på Borgundøy før, så dette var nye trakter for oss alle tre.
 
Dar kjem dampen, dar kjem dampen - damene klar for ferjetur :-)
 
Ferjeturen, minutt for minutt. Her står eg nede i restauranten og kan sjå at damene betalar for seg (og meg). Vi prøvde å få kvarande vinkande med på fjernsynet, men kvar gong vi byrja vinka gjekk fjernsynet over til å visa reklame...
 
Her nærmar vi oss det eg trudde var Fjelberg - for i fylgje mi ruta var det enda 10 minuttar til vi skulle vera på Borgundøy. Men så feil kunne eg ta - jammen var det rett øy. Vi fann vel ut at ferjemannskapet sikkert syntes det var så mykje spetakkel med oss at dei valgte å gå til Borgundøy før Fjelberg i dag...
 
Her er provet - vi kom oss av på rett øy :-)
 
Jorunn var litt skuffa over at dei ikkje var noko velkomstsermoni for oss som gjekk i land på øya for fyrste gang, men det kom seg når ho fekk utlevert den nye capsen sin :-) (Synd Godte Gutta ikkje var open :-) )
 
Vi måtte kvila oss litt her før vi la i veg mot Borgundnuten.
 
Marianne prøvde å juksa med å skaffa seg hest...
 
Vi gjorde eit lite sjakktrekk (he-he, tog dåge han) då vi valgte å ta bilen med oss over på øya. Det var nemleg eit stykke å køyra før vi kom til skogsvegen som var byrjinga på Borgundnuten. Iom at det gjekk oppover, så hadde det nok tatt oss ei lita stund å gå det stykket til fots. Og når ein har terrengbil, slik som Jorunn, så kunne vi faktisk køyra eit stykke på skogsvegen og. Dette er absolutt til å anbefala om det er andre som har tenkt å ta turen. Sparar ein del tid + ein går ikkje glipp av noko av turen sjølv om ein køyrer dette stykket.
 
Så, når vi hadde fått parkert og kome oss ut av bilen, fell Jorunn nesten momentant til bakken. Ka' i hulaste?? "Åååååå, markjordbær - sjå alle markjordbæra! Ta eit strå og træ di på!" Dama var komen til himmelen...
 
....tok ikkje lang tid før det strået var tomt igjen :-) (Vi fekk av ho den capse etterkvart, altså)
 
Mmmmmmm....markjordbær.
 
Bokstavleg tala.
 
Ja, for her gjekk det oppover, gitt. Fyrst eit lite stykke på skogsveg og så vidare på sti. Oppover og oppover - vi lurte litt på kva vi hadde begjeve oss ut på. Men det var fin sti og greit å gå. Vi vi likevel anbefala at ein tar turen i tørt ver, slik som i dag, då vi antar at her er det både sleipt og glatt når det regnar.
 
Det var mykje skog rundt oss, men innimellom kom det nokre lysningar, og få fekk vi strålande utsikt både her og der...
 


Denne kvisa er Sydnessåto :-)

 
Ein liten kuriositet inni skogen.
 
Så bratt som det var her, samla vi jo raskt høgdemeter. Vi tok oss ei drikkepause på vegen opp, og då hadde vi allereie kava oss 340 meter over havet. Berre litt over 100 meter igjen :-) Jada, jada, det var ikkje noko kjempelang tur vi hadde begjeve oss utpå, men som sagt - det gjekk stort sett rett oppover, så vi fekk køyrt oss litt. 


På veg over Nutaskaret og nøgd med turen så langt :-)
 

Og då vi hadde passert Nutaskaret, kom vi inn i ein liten "dal". No var det slutt på den verste klatringa - berre litt bortover, nedover og oppover igjen. Og brått...
 
....fekk vi målet i sikte :-)
 
Yohoo - målet er nådd :-)Vi brukte litt over ein time på turen, i bedageleg tempo.
 
Og FOR ei utsikt - uansett kor vi snudde oss...
 
Mot Halsnøy og Husnes.

Mot Stord.

To veldig nøgde turkusiner på toppen av Borgundøy :-)

På toppen tok vi oss sjølvsagt tid til å eta nista vår, og Jorunn las eit vardedikt til oss, som ho fann i boksen med boka som vi sjølvsagt signerte inn namna våre i.
 
Eg prøvde meg på nokre panoramabileter og, men dåke må nesten ta turen opp sjølve for å verkeleg sjå kor flott det er:
 


 


 Etter å kosa oss med utsikt og niste måtta vi byrja på returen. Og at vi ikkje har dei fyrste metrane på film er verkeleg synd, for dette var eit Youtube øyeblikk:

Det var nemleg eit lite stykke berg her som var litt bratt....
 
....så bratt at ein måtte kunne benytta seg av tau...
 
....sjå kor flink - langt utfor berget og greier...
 
Men det var og så langt dama kom. Ikkje søren om ho klarte å finna ut korleis ho skulle koma seg lenger ned! No blei det mykje lått og løye og forsøk på å få Jorunn på trygg grunn. Eg såg mitt snitt til å vandra ned på sida av ho - utan problem og utan tau, men dama stod like forbanna fast i tauet og påstod at ho ikkje kom seg verken hit eller dit. Og sama kva vi sa og gjorde så stod ho på sitt - dette var ei umogleg oppgåva! Det verste var jo at det kom eit par som skulle opp medan ho framleis kava på. Tilslutt måtte ho gje seg, krypa litt opp igjen og gå ned same veg som meg.....
 
Også eg som har bestilt meg rapelleringskurs av Jorunn - eg blei veldig betenkt etter denne seansen ;-) Men, Jorunn meinte DET var noko HEILT anna - for då skal vi ikkje bruka tau med knutar på....
 
"Blir ikkje fjellgeit i sitt neste liv, den der", slo mannen som stod i kø fast. Ha-ha, han skulle berre visst kor mykje tid Jorunn faktisk brukar til fjells allereie i dette livet.
 
Men, det er jo sjølvsagt klokt å vera forsiktig. Om det var bratt oppover, så var det jo ikkje mindre bratt nedover, så vi måtte trø forsiktig og halda fokus. Litt skynda vi oss på slutten då vi innsåg at vi kunne rekkja ferja kl. 13.45 tilbake til Sydnes istadenfor å måtte venta på siste ferje som går 15.55 på ein laurdag.
 
Og det rakk vi! I det vi svinga ned på ferjekaien byrja ferja leggja inntil. Dette klaffa jo fint :-)
 
Så då var vi jo forholdsvis tidleg heima igjen, sjølv om vi syntes vi hadde vore på ein heila tur :-)
 
Alle tre var strålande nøgde med å ha bestege Borgundnuten i dag og vil anbefala alle om å ta den turen. Men ta turen i tørt ver og ta med bil :-)
 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)