mandag 9. september 2013

Tur til Svelgabreen har stått på turlista....


...veldig lenge - vi snakkar om år! I går hadde vi endeleg bestemt oss for at tida var inne for å gå turen.

For å komma til Svelgabreen må ein fyrst køyra så lang inn i Blådalen som mogleg - og det er faktisk ganske langt. For å sleppa å treffa på ein heil motorsykkelklubb i den siste tunnelen svippa vi ein tur opp på demningen til Botnavatnet fyrst.

Vatnet rann godt unna her denne dagen.
 
Skiltinga til Svelgabreen byrja før den siste bratte brekka opp til Møsevatn, men vi treng jo ikkje gå lengre enn naudsynt, så vi køyrte opp brekka og starta turen ved....
 
..nettopp Møsevatn.
 
Ved å starta her sparar ein seg både for ei bratt oppover bakke og tid - turen er lang nok som den er.
 


Klar for ein laaaang tur :-)
 
Ein går ikkje så langt før ein treff på dette skiltet:
 
No veit jo ikkje vi korleis det skal sjå ut når ikkje det er flaum, eller når det er flaum for den del, men vi såg jo at det var mykje vatn i omløp - så vi satsa på brua. Det såg vi dei som gjekk både framfor og bak oss gjorde og.
 
Trur det var rett valgt for vatnet skvulpa til og med opp på brua.
 
Eg veit ikkje om denne vegen blir lengre eller kortare enn den andre vegen, men eg trur ikkje det kan vera så veldig stor forskjel.
 
Etter ei kort vandring måtte vi ned her. Stien er SMAL og i går var det både VÅTT og GLATT i tillegg, så her måtte vi trø forsiktig.
 
Eigentleg så blas det ein kraftig og kald vind då vi starta og vi var faktisk ikkje sikker på om vi kom til å gå så veldig langt. Men, innimellom kom ein litt i le og når ein går så får ein jo fort opp varmen. I tillegg så hadde vi andre folk både bak og framfor oss, og så lenge dei gjekk så fann vi og det forsvarleg å fortsetja. No var ikkje dette noko bratt fjelltur, men terrenget var noko meir kupert enn eg har lese andre har beskrevet det som - det var ikkje heilt strake vegen framover, men litt opp og ned. Det som var mest krevande i går var at det var vått og det er eindel berg ein må gå på - og der var det sleipt og glatt. Vi måtte difor gå og fylgja med på kor vi sat føtene stort sett heile vegen.
 
Når ein no fyrst har slått ned desse stakane kunne ein vel ha spandert litt tau på dei og, tenkjer eg.
 
Her måtte vi vassa heilt i vannkanten - eg håpa det ikkje skulle flø til vi skulle tilbake ;-)
 
Hvis dåke ser godt etter ser dåke at vi ikkje var aleina på tur i går. Vi gjekk ikkje sist i utgangspunktet, men sidan vi har med oss ein veldressert hund som ikkje blir bitten sprelsk når han ser andre hundar (juge kors), fann vi det best for alle at vi la oss litt bak i rekkja :-)
 
Etterkvart blei ikkje det med hund og andre hundar og folk noko vi måtte ta hensyn til, då det var fleire som valgte å snu og gå attende før dei kom inn til breen. Eg veit ikkje om dei syntes det blei for kaldt eller for langt. Sjølv syntes eg det var heilt ok å gå. Vi fekk ei pittelita regnbyga på vegen, men ellers så blei jo veret betre og betre etterkvart som vi gjekk.
 
Vi visste vi måtte over ei slik ei, men det var ikkje denne.
 
Så, etter å ha vandra både vel og lenge...
 
...fekk vi endeleg Svelgabreen i syne, og då...
 
....var det berre til å gå på!
 
Fint landskap her.
 
No nærmar vi oss...
 
...vi måtte berre, gulp, over den saken nede til høgre på biletet.
 
Den tøffaste blir sjølvsagt jaga fyrst avgårde. Kanskje ikkje så høg i hatten, men det gjekk heilt
fint :-)
 
Eg synes den mellomste Bukkenebruse ser veldig konsentrert ut her og har litt kvite knokar??
 
No var vi endeleg komen på rett sida og då var det berre å gå strake vegen mot breen. Vi gleda oss stort til endeleg å koma fram etter å traska i bortimot 2,5 timar utan anna stopp enn eit par drikkepausar.
 

Kjem nok ein overdose med breebileter her no, folkens :-)
 
Men fyrst, O'store lykke - det var turbok her som vi kunne knota ned navna våres i :-)
 
Rett og slett tøft!
 
 
Trur kanskje det var greit at veret var slik det var - det fekk fram ein flott blåfarge i isen.
 
Fasinerande - blir ikkje stor her Ann Irene...
 
 
Ganske mektig! Og ja, no har eg byrja sleppa opp for adjektiv...
 
Sjå kor flott!
 
Blue ice!
 
Skal sei - litt krefter igjen til eit aldri så lite hopp :-)
 
Ann Irene ved Svelgabreen.
 
Litt artig.
 
Men,så er det jo slik at utan mat og drikke duger helten ikkje. Så etter å ha gjort unna fotograferinga var det på tide setja seg ned og ta ein matpause...
 
Og denne dama SKULLE grilla pølser - sjølv om det betydde at ho måtte gå med sekken full i ved på tur...
 
....og du fann ikkje mindre kniv å dra med deg??? Eg og Frikken er forøvrig blitt vane med at ho hyttar slik mot oss med farlege våpen...
 
Da blei litt huffing og puffing (og ja, eg er redd hevnen blir søt etter å ha lagt ut dette biletet)...
 
....men eg var jo aldri i tvil om at ho skulle få fyr på bålet :-)
 
Så sat vi her og grilla pølser og kosa oss. Eg måtte trø til som fotograf for eit par svensker som dukka opp - vi trudde dei hadde snudd på vegen, slik som dei andre. Såg ein kar til som var innom og snudde, men han snakka ikkje vi med.  Veret blei berre betre og betre, og det var jo litt kjekt når vi visste at vi hadde ein lika lang tur å gå heimatt som inn til breen. Og omsider så måtte vi jo pakka saman og legga ut på vandring igjen.
 
Vi tok ein liten tur bortom denne opne hytta for å forveta oss. Som dåke ser så ligg ikkje den så langt vekke i frå breen.
 
Etter kvart som vi gjekk kom sola fram og det blei riktig så fint å gå. Tørrare blei det på berga og steinane slik at vi ikkje trong vera så konsentrerte om å ikkje skli og detta lenger.
 


Sjå kor flott det blei på heimetter vegen! Må seia eg ikkje gleda meg så veldig til å gå opp den siste bratte fjellsida etter så mange timar på vandring, men opp måtte eg jo, og det gjekk faktisk ganske greit.
 
Dette var ein kjempeflott tur som vi begge var nøgd med at vi endeleg hadde gjort unna. Det gjekk ikkje så veldig hardt utover kondisen, men jaggu tok det på beina. Eg var litt usikker på om eg skulle orka å gå utav bilen til Ann Irene då ho parkerte utanfor huset mitt :-) Ein laaaaaaaang, varm dusj og så bar det rett på sofaen resten av kvelden. Ja, eg orka ikkje eingong gå på loftet å leggja meg i mi eiga seng i går, men tusla inn i Stian si. Men det skal eg vel kanskje ikkje skylda på stive bein, men..eh...kremt...at eg hadde sett på Åndenes Makt.... ;-)

 
 

 
 
 
 
 
 

 
 
 
 



 
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)