søndag 9. desember 2012

7. 8. & 9. luke i Anita's julekalender...

...opnar vi ilag i dag :-)

Julemarknaden på fredag blei, som vanleg, ei koseleg julestund. Vi var jo veldig  heldige med veret - sjølv om det var litt i kaldaste laget til at musikklaget kunne spela ute. Eg fekk ansvaret for gløggsalet i teltet og det var ikkje rare skvetten igjen då vi pakka saman. Det var ingen som sa noko, men eg er litt redd for at dei som kom seinast fekk kald gløgg til å varma seg på...Det må vi berre beklaga, men vi har litt problem med å få nok straum til alt vi vil ha i teltet og plata til gløggen måtte skrus av for å få slutt på at sikringane gjekk i ett sett. Det positive då var jo at steiketakka til Siv Kristin fekk stå på heile tida - i allefall til vi gjekk tom for røra :-) Meir om julemarknaden kan du lesa her: Julemarknad i Uskedalen 2012

Ellers så har oppmerksomheita rundt pepparkakekunstverket vårt vore over all forventning. Ja, eg veit ikkje om vi forventa så mykje oppmerksomheit i det heile tatt... Hadde vi visst korleis det skulle bli hadde vi nok planlagt verket litt på førhand - vi ser jo sjølve at det ikkje akkurat er noko vakkert byggverk... Men, litt artig er det no, lell.  Det har jo faktisk ført til at Festidalen har satt igang sin eigen papparkakekonkurranse - så her er det berre til å samla gjengen og hiva seg i bakinga:
Delta i Festidalens store ”Pepperkake-bake-stileg-rockegreie”-tevling!

I tillegg så har dei brukt biletet av pepparkake-seigmen-konserten vår til julekort:

Morsomt :-)
 
Ellers så har helga gått med til avslapping, Tv-titting (fantastiske skiskyttarstafettar i dag!), handarbeid og ein tur til Halsnøy i går ettermiddag. Eg kan forresten anbefala alle og ta turen frå Tofte til Sæbøvik etter mørkets frembrudd  no i desse juletider - det må vera den finaste julepynta delen av Kvinnherad i år!
 
 
Så då er vi komen fram til dagens luke opning, og der finn vi:
 
Jul- og boblekos på Halsnøy :-)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)