fredag 17. juni 2011

Fuglen har fløyet...

Eller fløyet og fløyet - rettare sagt ramla ned i frå taket! Ei lita oppdatering på gårsdagens måkehistorie. I går kveld gjekk det som det måtte gå - best som det var vi kikka ut av stovevindauga så sprang det ein liten måkeunge forbi med 7 barnevaktar flygande og skrikande rundt seg. "Slo du deg? Sa ikkje eg at du ikkje måtte gå ut på kanten? Du kunne slått deg i hel - har eg ikkje fortalt deg korleis det gjekk med bror din som ramla utav reiret i fjor? Og kor er den slampen av din far som skulle passa på dåke - sit han enda på telefonledningen og kikkar på ho som bakar cupcakes?" Tenkjer den måkefamilien hadde ein kjekk kveld. For ikkje å snakka om i dag - nr. 2 har nemleg ramla ned han/ho óg. "Ja, du måtte prøva du óg ja! At dåke aldri kan høyra på mor dåkas! Ja, du får springa å sjå om du finn bror din - eg klarar ikkje løfta dåke opp på taket igjen." Og i heile dag har desse to sprunge opp og ned i Eikevegen medan dei store har passa på. "Pass dåke - no kjem Bjørgulven med møkavogna! Inn på kanten med dåke! Der kjem ho der med kameraet sitt igjen - skal vi aldri få fred?" Det var med livet som innsats eg fekk tatt desse bileta medan eg hysja og klappa for å halda dei lettare hysteriske måkeforeldra som stupte mot meg på avstand.

Liten fugl på ville vegar....


Eg hatar måkar, men må innrømma at dei óg faktisk er litt nusselege når dei er så små som dette :-) Han kraup i saman og prøvde å gøyma seg for meg, stakkar.

Og med tanke på vår kjæledyrhistorie så passar vel det at måkeungar ramlar ned i frå taket godt inn...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)