torsdag 16. juni 2011

Nye leigebuarar...

Kjæledyr er vel eit prosjekt vi kan vedgå aldri har gått i lag med oss som hånd i hanske. Eg har hatt katten Balder, som forsvant i 3 månader før han kom heim på julafta og la seg under julatreet som om ingenting hadde skjedd og eg har hatt katten Mr. Pulle Pulle som hadde kattepest som liten og som oppførte seg som ein hund då han blei "frisk". Vel hadde han 9 liv og blei hauggammal før han forsvant... Eg har hatt gullfiskar i bolle som "forsvann" ein etter ein. Den siste på den lista, ein slørehalesak, fann det for godt å hoppa utav bollen ei natt - ein prestasjon i seg sjølv iom at han hadde mista halen for lenge sidan - men dog ikkje så veldig smart. Vi har hatt enda ein katt som vi klemstra i ytterdøra som kattunge - han flytta sporenstreks til naboen og kom aldri heimatt. Det siste kjæledyret vi prøvde oss på var ei nusseleg, kvit, lodden kanin. Ein kjekk sak som sprang omkring i huset og gnog på alle ledningar ho fann - eg var ofte på Elkjøp i den tida. Men, kanina lika óg å springa ute - uheldigvis gjorde reven det same. Så medan eg kosa meg på Dønhaug på dans ein kveld, var det ein rev som kosa seg med eit festmåltid i her heima... Alle desse kjæledyra var dyr vi faktisk ville ha - og dei forsvann. Men, vi har visst nok av "kjæledyr" å ta av likevel - som vi ikkje er så veldig glad i. Edderkoppar i krokane, mus i veggene, skjor i takrenna og siste skudd på stammen - eit måkepar som har bygd reir bak pipa på taket.

 Nett bak nærmaste pipe har dei funnet det for godt å slå leir!

Og meir rabalder enn det dei lagar skal ein leita lenge etter - dei har sjølvsagt fått ungar der oppe! Og snakk om å vera hønemor og hønefar - dei SKRIK konstant og passar på oss heile tida! I dag har eg vore på kjøkenet og baka - då har ein av dei sete ute på telefonledningen å passa på meg heile tida. Samtidig har han/ho (dei er heilt like, eg veit ikkje kven som er kven) rapportert vidare "ho eeeeeer heeeeer enda, ho eeeeer heeeeer enda, ho eeeeer heeeer enda" i ett sett. Maken har passa på alle andre som har gått forbi eller nærma seg huset. Røntgenblikk trur eg dei har óg. Eg lista meg ut på andre sida av huset for å prøva å ta bilete av reiret på taket og då var dei der med einggong - begge to + eit vennepar. "No eeeeeeer ho heeeeer, no eeeeer ho heeeer, no eeeeer ho heeeer.." No er ungdommen snart lika lei skrikinga deira som eg for han
har byrja mumla om skyting... Og her set dei jo lageleg til:

Ser dåke at dei passar på meg? Eg står faktisk på kjøkenet og tar bilete gjennom vindauga.
Men, ellers så har altså baka litt igjen i dag. White velvet Lemon & butter Cupcakes with Dreamy Creamy Chocolate Frosting (puuh!). Yumm! Dette var faktisk som å eta fløyel - smelta på tunga :-). For eingangsskuld hadde eg faktisk alt som skulle vera i røra og fulgte oppskrifta til punkt og prikke. I allefall heilt til eg skulle laga kremen - eg kom heim med mørk sjokolade i stadenfor kvit sjokolade... Så då måtte eg rota i hop noko på eiga hand - då blei det ostekrem og marsipan. Litt tidlegare fekk eg kjeft i frå ungdommen som meinte at eg brukar raud farge altfor mykje - "kvifor må alt vera raudt? Kan du ikkje bruka andre fargar??" Ja, så tenkte eg at eg fekk gjera noko med det då - idag blei det bare grønt gult og blått :-)

Oppskrift på desse finn du på Passion4baking. Dei ser litt proffare ut der, men, men..
Så kjem ungdommen heim, tar ein rask kikk på den gule kremen og utbryt: " Kvifor må du alltid bruka same farge??".....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)