torsdag 9. februar 2012

Anita's interiørtips!

No når eg eg ferdig å segla, har eg fått tid til å ta igjen litt av alt eg har forsømt dei siste par vekene. I dag f.eks har eg oppdaga bloggen til Fruen på Solhaug, for nokon av oss betre kjent som Janne G. Hjønnevåg. Ein kjekk og fin blogg om hus og heim og div. interiørtips.

Sjølv har eg jo no fått nokre år på baken og synes sjølv eg har opparbeida meg ein heilt eigen stil når det gjeld interiør. Så, etter å ha lese bloggen til Janne blei eg inspirert til å dela mine eigne tips :-)

Så her kjem altså Anita's beste interiørtips - hald dåke fast:

Fyrste inntrykket har alltid mykje å seia når ein kjem inn i ein heim. Vi køyrer ein laussluppen stil i gangen. Eg kallar det Jan Thomas stilen - det skal sjå tilfeldig ut, men alt er planlagt ned til minste detalj.


Blomar synes eg er eit must for å skapa ein hyggeleg og koseleg atmosfære:

Store eller små i alle....

fargar....Spiller ingen trille bare det er ein blom.



Og når vi er inne på fargar - det er viktig å ikkje blanda for mykje slik at det skapar eit uryddig inntrykk. Ein bør passa på at dei same fargane går igjen i interiøret som i vegger og tak.

Her har vi eit godt eksempel på kva eg meinar - sjå kor fint fargen på glasa (og for så vidt innhaldet i dei) går igjen i fargen på kjøkenveggen. Perfect!



Sist, men ikkje minst, synes eg ikkje ein skal henga seg for mykje opp i årstid og sesongar:

Juletreet står seg lika fint i midten av februar som til jul!


Og kvifor ikkje tenkja litt alternativ bruk av treet?:




Ja, det var mine tips til dåke i dag. Eg håpar dåke har plukka opp eit og anna nyttig tips, og kanskje funnet litt inspirasjon :-) Eh, eller kankskje ikkje....




5 kommentarer:

  1. Magnhild Haugland9. februar 2012 kl. 20:13

    Da va jammen meg godt å sjå at andre og går for denne stilen. Trudde meist eg var åleine når ein ser inn på alle bloggane der ein går det minimalistiske ;-) Denne var BRA!!!

    SvarSlett
  2. Kjempetips!!

    Komme med ett tips tilbake til deg:
    Insted of Cleaning the house, I just turn off the lights ;-)

    SvarSlett
  3. Hehe, det ser jo slik ut hos meg og med 3 småtroll i huset ;) Difor er det kjekt å rydde eit lite hjørne å blogge om det før kaoset er i gang igjen ;) Btw, kult påfunn med bh rekkverk ;) ha ei fin veke

    SvarSlett
  4. Fantastisk bra!! ;))

    SvarSlett
  5. Gunn Kristin Dagestad19. februar 2012 kl. 10:27

    Vanvittig morsomt :-D

    SvarSlett

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)