onsdag 27. april 2011

Sprengt høne...

Kom heim i frå jobb i dag, opna kjøkendøra - og rygga baklengst ut i gangen igjen. "Ka' og kem i hel...har daua på kjøkenet mitt??!!" Det lukta som om hundre katter skulle ha gjort i fra seg der inne! Gutungen gjorde det klart han i allefall ikkje var sulten lenger og forsvann borti bygda på sykkel. På golvet framfor baderomsdøra låg det ein ekkel, stinkande gusjegrøn klatt som eg antok var syndaren. Men, kor kom den ifrå - vi har jo ingen husdyr?? Igjen stod eg som eit spørsmåltegn, smaug meg forsiktig rundt på badet, kjøkenet og stova - det kunne jo henda vi hadde fått ein ny leigebuar? Kraup på alle fira og kikka under bord og stoler, sofa og reoler. Men, ingenting fann eg. Uansett, her var det berre til å slå opp alt som fantes av dører og vindauger! Og det var då eg skulle opna kjøkenvindauga eg nesten stakk nasen opp i heile herligheten.. Der, i den fine høna mi på kjøkkenbenken, full av egg låg resten av den gusjegrøne klatten eg hadde funnet på golvet!! Eit av egga har rett og slett eksplodert i løpet av dagen! (Eg håpar i allefall at det er det som har skjedd, sjølv om eg må innrømma at eg kikka litt ekstra bak kjøkenbenken i tilfelle det skulle ligga ein kylling der.....) Når eg då kikker meg rundt, oppdagar eg jo at det stort sett ligg knust eggeskall über alles. Og når eg kikkar opp ser eg pinadø ein gusjegrøn flekk i taket óg!. Du verden for ein eksplosjon det må ha vore sidan halve egget har føke over heile kjøkenbordet og havna på golvet i andre enden av kjøkenet! Og underet av alle under er jo at ikkje heile kjøkenet er dekka med gusjegrøne, stinkande klattar! Men aldri så gale at det ikkje er godt for noko - no blir det nyvaska kjøken og full utlufting i heimen! Så er det berre til å kryssa fingrane for at bonden ikkje skal køyra møk i kveld....


Små bitar av eggeskall over det heile...

  

...og her ligg syndaren!

1 kommentar:

  1. Anita då, du må hiva egga for kvart år, ikkje samle på dei så dei ber om å gå ut døra sjølv då :)
    ABH

    SvarSlett

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)