mandag 14. november 2011

Muradalen var turmålet i går....

....Ja, sjølvsagt ikkje i utgangspunktet - eg gjekk jo ut døra og sa eg skulle på tur i Ænesdalen. Men, då vi runda Ljosnes synes vi eigentleg at Rosendal var langt nok. Det var jo ikkje noko spesielt fint turvær i går, og hovudsaken var jo at Marit fekk prøva ut den nye turbuksa si :-)

Sidan ingen av oss er spesielt kjent i dette området av Rosendal, valgte vi å parkera ved Baroniet. På den gamle parkeringsplassen - sjølv om vi syntes vi såg eit forbudt-for-motorkøyrety skilt ved Alvsgården. Uff, så ulydige vi var.

Vi prøvde å orientera oss etter kartet. Ei ville gå i gjennom hagen, ei anna meinte på at dei måtte over elva. Eg skal ikkje nevna navn på kven som meinte kva, men eg valgte til slutt å gi etter for å fylgja Marit gjennom Baronihagen.

Baroniet er no fint det sjølv om været er litt gufsete.

Og framleis kunne ein finna litt fargar hist og pist.

Ei einsleg rose i Baronihagen, eller to? Kjem an på auga som ser :-)

Oppetter veggen på Baroniet var det framleis fargerikt.

Her skulle vi ikkje inn denne gangen.

Trur faktisk ikkje eg har sett Baroniet frå denne vinkelen før.


Vi fekk no omsider snirkla oss gjennom hagen og forbi Barnoniet. Fylgte vegen gjennom nokon tun,  tenk det bur folk heilt inni dalen her, fylgte vegen enda eit stykke og så kom vi til ein parkeringsplass ved "inngangen" til Muradalen. Ja, ja, då veit vi no kor vi kan parkera neste gang.

 Det er viktig å fylgja skilta til punkt og prikke...


Vi gjekk forbi fossen eg trur dei aller fleste trur er fossen det er  strid om skal leggast i røyr eller ikkje. Men, eg innbillar meg at fossen ein eigentleg diskuterar ligg ein heilt anna plass og ikkje eingong er synleg når ein går inn Muradalen? Andre som har peiling får korrigera meg om eg tar feil.

Slik såg det ut innover mot Muradalen i går. Litt forundra over alle dei gamle og øydelagte trea som står/ligg langs heile elvekanten - såg nesten ut som om ein tornado hadde feia gjennom dalen...


Når vi var komen så langt var det kun strake vegen inn til Muradalen. Her er det kjempefint for dei som syklar eller har med seg barnevogn på tur. Eg for min del, som hverken hadde med meg sykkel eller barnevogn, syntes det blei litt for einsformig, langdrygt og ein smule kjedeleg. Eg vil vel seia at  turen inn til Myrdalsvatnet er å foretrekka framføre denne. Men, kan henda det litt sure været spela litt inn òg. 


Marit ved enden av dagens turmål.

Når eg ser det med eigne auge, skjønar eg jo godt kvifor det har vore så store protestar mot at dei skulle bygga denne nye kraftstasjonen. Usj, tenka å bygga noko slikt når....



...det som står der inne frå gammalt av er så vakkert...

Skal ein gå lengre enn dette må ein til fjells.

Og den turen til fjells har eg faktisk vore på eingong. Dette er eit gufs av fortida, som det heiter. For lenge, lenge sidan, då eg gjekk siste året på KVV hadde eg friluftsliv som valfag. Eg kan ikkje i min villaste fantasi skjøna at det var noko eg valgte frivillig, det må har vore det einaste alternativet som passa inn i resten av timeplanen. Det er kun to ting eg huskar frå dette valfaget - at eg var sjeleglad turen kor vi skulle spa ut og sova i snøholer blei avlyst, og fjellturen opp Muradalen. Hans'en - antagelegvis skulens sprekaste kar - hadde nemleg klart å overbevisa Walleraunet om at denne turen var ein "piece of cake". Jommen sa eg kake. Det var både bratt og langt - ein plass måtte vi dra oss opp etter ein streng..Og då eg endeleg kom opp gjekk eg sjølvsagt på ræv i eit gjørmehol. Eg kan ikkje huska det var stygt vær den dagen, men eg hadde ekstra bukse med - antagelegvis ei regnbukse. Eg er jo veldig blyg av meg, så eg venta til dei andre var komen ut av syne før eg skulle foreta bytet så raskt eg kunne. Men, eg var sjølvsagt ikkje rask nok. Best eg stod der med buksa på knea og ei svart ræv struttande ut i været stod Torgeir Helgeland framfor meg! Kor i all verda kom han i frå så plutseleg?? Det blei med eit kjapt "hei"... Resten av turen trur eg var fin. Men, turen ned igjen huskar eg som brattare enn turen opp då vi måtte halda oss i trea heile vegen. Eg vil vel påstå at den turen aldri trigga noko turgen hos meg. Men, når eg skua oppover fjellet i går...

...syntes eg ikkje dette såg så veldig avskrekkande ut. Hmm...kanskje eg må prøva denne turen eingong til?


 Men, det fekk bli ein anna gong. No var det tid for søndagmiddag :-)


Så var det berre å traska tilbake mot Rosendal.

Turen tibake gjekk gjennom nedre del av Baronihagen.

Då ser ein Baroniet frå denne sida.

Viktig å tøya ut når ein har vore på tur ;-)

Turde ikkje banka på - var litt redd Gygril skulle komma ut...

Og snipp, snapp, snute så var denne turen ute :-)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)