søndag 13. november 2011

Tur er tur....

..by er by. I går var det endeleg tid for ein etterlengta bytur. Hytta har vore utleigd så det har ikkje blitt nokre weekendar til Bergen på oss i høst. Men, brått gjekk det opp for oss at det faktisk går an å reisa på dagstur...Så igår var eg klar - lommeboka stod på spreng (mi er ca. 7 x 5 x 2cm) - her skulle det shoppast!
Eg vil trur at dei aller fleste som skal på shoppingtur tar strake vegen til Bergen før dei byrjar handlinga. Ikkje vi. Vi var så klare for handling at vi ikkje klarte køyra forbi Etne eingong før vi stoppa og marsjerte inn på Etne senter for å sjå kva dei hadde å by på. Og her lika eg meg godt - eine og aleine fordi dei klarte å selgja meg ein kjole i størrelse 38. STØRRELSE 38!!!! Eg kan aldri huska å ha kjøpt noko som helst i størresle 38 før, så det kan ikkje ha skjedd sidan mor stod for innkjøpa. No tenkjer du sikkert at aldri i verda om Anita hadde kome inn i størrelse 38 sist eg såg ho, så ho må ha slanka seg noko enormt i det siste. Ikkje eitt kilo! OK, det er ein kjole som ikkje svingar inn nokon plass - snarare tvert om, men likevel - størrelse 38. Eg trur eg skal sørga for at lappen som visar størrelsen sånn litt tilfeldigvis heng på utsida av kjolen når eg tar den i bruk....Men, så nøgde vi enn var så kunne vi jo ikkje gje oss her. Neste stopp på programmet:

Hvis du synes dei køyrer rundt med gysla skitne bilskilt i Ølen, kan eg beroliga med at dette er mitt forsøk på anonymisera denne bilen. For kva veit eg om kven som møtes på Ølen senter ein laurdagsformiddag og ikkje? Ikkje det at eg såg noko spanande, og hadde eg gjort det så hadde eg jo ikkje visst at det var spanande uansett - eg kjenner jo ikkje ei sjel i Ølen.... 


Ølen senter - kva skal vi seia om det? Her lunsja vi på Sjøkanten kafè - det er vel utfyllande nok. Etterpå køyrte vi litt lenger opp og tok ein runde på Fagmøbler - utan å handla noko som helst der heller. Vi kan vel slå fast at handlerunden i Ølen var raskt unnagjort.

Kva no? Skulle vi ta på heim igjen, eller fortsetja turen? No var vi jo så nære Aksdal senter at det ville vel vera for dumt å snu - så avgårde Kåre igjen.

På Aksdal senter klarte vi visst å handla litt til. Marit fann seg lilla adventsko (veldig kule) - eg fann meg ei halv hold-in strømpebuksa...som eg ikkje treng bruka under kjolen min i størrelse 38...for den passar jo uansett...Ja, og så overhøyrte eg nokon som nevnte på at det var farsdag i dag, så då flakka blikket vilt rundt og vips så hadde eg kjøpt ein liten farsdagspresang òg. Eg burde vel egentleg ikkje seia liten i tilfelle far les dette før eg kjem over vegen - han forventar alltid at vi kjem og ringer på med nasen....

Ferdige med Aksdal senter så byrja klokka å dra seg litt til, føtene var litt slitne - skulle vi orka meir? No kunne vi vel stregt tatt nesten ta på Haugesund - vi kunne jo ikkje gjera vendereis enda. Difor: Neste stopp Amanda senteret!

Amanda senteret. Her gjekk vi opp rulletrappa, gjekk ein runde oppe, gjekk ned trappa, tok ein runde nede, gjekk og sat oss i bilen igjen. Det eg stort sett huskar frå dei 10 min. vi tilbrakte på Amanda senteret er alle dei ville blikka som kikka ut på oss i frå gitteret (unnskyld - vindauga) på McDonalds. At folk gidd - her stod det milevis med kø og dei som hadde fått sitjeplass sat nesten oppå einannan. Det var vel her eg blei minna på at laurdagar egentleg ikkje er noko handledag for meg - det er altfor mange ute i samme ærend.

No var det ikkje snakk om å fortsetja lenger - no var vi nøgde og ville heim! Vi hadde jo tross alt fått handla ein heil masse og lommeboka var blitt slunken igjen. Eg, som ofte ikkje finn nokon, kom jo heim med ein heil masse: Kjole (størrelse 38!), 8 knappar, trimstrikk, ei halv hold-in strømpebukse og farsdagspresang til far!!

Marit kom heim med blandt anna ny turbukse - den skal vi ut å prøva no. Eller, eg skal jo ikkje prøva den, men eg skal få vera med på turen.

Berre ein liten ting til slutt: Skreiv ikkje eg at vi skulle til Bergen???

Men, ser dette ut som ferjekaien på Gjermundshavn, kanskje????

Eg kryssar fingrane for at vi aldri nokon sinne vil bli meldt savna.....


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)