fredag 4. september 2015

Nei, har du sett...

... Bobla har flytta hit: Anitas Boble

fredag 14. august 2015

Lat meg få visa dåke...

...ei fantastisk perle - Kvanto i Omvikdalen!

I går kveld vart eg lokka med på fjelltur igjen. Denne gongen skulle vi bestiga Kvanto i Omvikdalen.Eg vart plukka opp på Best stasjonen i Dimmelsvik litt over kl. 1900, og i mitt stille sinn tenkte eg at dette kanskje var litt for seint å ta ut på tur. Men Jorunn hadde nok ein plan med det, og vi hadde og fått beskjed om å ta med hovudlykt for sikkerheitsskuld.

Turen starta opp skogsvegen i frå Revuro Samdrift. Her juksa vi og køyrte opp :-)

Vakker utsikt allereie ved enden av skogsvegen.
 
For dei som er kjente så går ein til Kvanto motsatt veg av Kviteggjo - eller Kviteggi, som det står her.
 
Sjå kor fint det er her oppe - og enda var vi nesten ikke komen i gang med turen.
 
Jorunn, Marianne og...

....Katarina var turfylgjet mitt i går kveld :-)
 
I byrjinga gjekk vi bortover og litt slakt oppover, men så gjekk det meir og meir oppover. Det er fin sti og godt merka med raude T-ar. Utsikta vart...
 

 
betre og betre...

...dess høgare vi kom.
 
Etter ei stund kunne vi skimta ein varde oppå ein topp, men dei som hadde vore her før visste så altfor godt at dette var...
 
...ein "tullevarde" og slett ikkje toppen på Kvanto.

Men framleis ikkje noko å seia på utsikta :-)
 
 
Men vi skulle som sagt vidare.
 
Eg veit ikkje kor lenge og ofta Jorunn påstod at no var det ikkje langt igjen, men etter ei stund skjøna eg at "ikkje langt" er eit relativt begrep. Den eine småtoppen etter den andre passerte vi, men ingen ny varde var i sikte. Eg byrja eigentleg blir litt lei og lurte på kvifor vi måtte gå så langt?? Vi såg jo allereie til verdas ende - kva meir kunne det vera å sjå?? Men omsider...

...kunne Katarina vinka til oss i frå varden på Kvanto :-)
 
Og sanneleg, det seier eg Dykk - det var jammen vel verdt å gå heile denne vegen - det var rett og slett vakkert rundt oss!
 
 Sjå kor fint og idyllisk - speilblankt vatn som har-eit-navn-eg-ikkje-huskar.



Veldig nøgd med å ha komen opp og kan ta ein velfortjent kvil :-)

Jorunn og Marianne nesten framme ved turen's mål.

Folgefonna i det fjerne.

Matrefjorden i bakgrunnen.

Og Ulvanåso rett bakom her.
 
Mitt kjekke turfylgje :-)

Så var det berre til å setja seg ned, eta litt niste, skriva seg i boka og nyta solndegangen.
 
Og her var grunnen til at Jorunn ikkje ville ta ut før kl. 1900 - ho hadde planlagt at vi skulle få med oss solnedgangen medan vi var på toppen :-)




Katarina nyt dei siste soldråpane denne kvelden.

Marianne, Jorunn og Katarina - alle stornøgde med kveldens fjelltur :-)
 
Fjollebilete på oppen av Kvanto - 900 eit eller anna meter over havet!
 
Og så, det finaste av alt denne kvelden:
 
Solnedgangen!

Tåler eit til :-)
 
Angrar litt på at eg berre skrudde kameraet på "automatisk" og ikkje tok meg tid til å stilla inn manuelt, trur eg hadde fått litt betre bilete og fargar då. Nydeleg var det no uansett :-)
 
Og etter å kikka vel og lenge og fortografert i hytt og dynever, var vi nøgde og byrja på tilbakevegen. No var det sjølvsagt byrja å bli mørkt, men vi kom oss ned att til bilen utan å måtta ta fram hovudlyktene våres. Katarina meinte mine kvite legger viste veg godt nok....
 
Ja, kven skulle tru at vi skulle få ein slik vakker og varm sommarkveld 13.august 2015? Dette går absolutt inn som ein av dei flottaste fjellturane eg har vore på - her skal eg heilt sikkert tilbake til!
 
Så, Kvanto folkens - ta dåke ein tur til Kvanto! 

lørdag 8. august 2015

For ein nydeleg dag...

....å vakna til i dag! Sola skein og fjorden låg speilblank - noko som passa meg heilt utmerka iom at eg hadde planar om å padla Ænes - Sild tur/retur i dag :-) Og Jorunn skulle nok ein gong få GLEDA av å få vera med meg på tur :-)

Vi parkerte ved Saga på Ænes:

Byrjar nesten bli eit vanleg syn dette no :-)
 
Men sei meg: Har Sild alltid lege SÅ langt uti fjorden???
 
Eg syntes brått det såg ovseleg langt ut til Sild, og sjølv om det ser roleg ut på biltet ovanfor, låg fjorden slett ikkje speilblank her inne. Vi måtte faktisk ta ein runde med oss sjølve på om vi skulle ta ut på denne turen, eller endra padlemål. Men hadde vi bestemt oss for å padla til Sild, så fekk vi i allefall prøva å koma oss dit. Heldigvis gjekk det rimeleg lett å padla mot øya trass i ganske uroleg sjø - ingen straum som gjorde det vanskeleg for oss i allefall. Det tok litt tid, men...
 
 

...vi nærma oss sakte, men sikkert. Eg skjønar ikkje heilt korleis vi har fått sjøen til å sjå så roleg ut på alle bileta...
 
Eg veit ikkje kor lang tid vi brukte over, men brått....
 
...nådde vi land :-)
 
Åååå, her var det fint! I ly for vind og bylgjer kunne vi berre nyta plassen og sola - og sjølvsagt medbrakt niste :-) Og for dei som har lese mitt forrige innlegg, bør ikkje dagens meny overraska nokon:
 
Pannekaker tilbereda av....
 
...myself! (Det har i grunnen aldri slått meg før kor kledeleg den våtdrakta eigentleg er...)
 
Tilbehøyret var sjølvsagt krem og Anitas heimelaga blåbærsyltety :-)
 
Mmmmmm...festmat på Sild :-)
 
Sjølvsagt halde i hop med ein tannpirkar eigna for båttur ;-)
 
Jorunn måtte jobba litt for maten i dag og dra kajakkane lengre opp mot land etterkvart som det fløa...
 
...og maten smakar jo alltid litt betre når ein har måtta jobba for den :-)
 
Eigentleg har eg fått forbod mot å skriva at Jorunn likar pannekaker, for det gjere ho nemleg ikkje, men hverken ho eller eg merka noko til det i dag.... Tenkt det: Så godt var faktisk blåbærsyltetyet mitt at Jorunn ikkje merka at ho hadde pannekake på det ;-)
 
Riktig så mette blei vi etter dette måltidet - eg måtte beint trø det litt av meg med å klatra litt rundt og ta nokre bileter...
 
Utsikt heimover....
 
...blomar på Sild...
 
Jorunn kosar seg på denne idylliske plassen (etter å ha fått beskjed om å rydda vekk alle plastposane med ting og tang som vi hadde strødd rundt oss)
 
Og har dåke sett - Sild har si eiga friheitsgudinne :-)
 
Men alt har ein ende - og vi hadde eit heilt hav vi skulle over igjen før turen var slutt. Det var jo stilt og fint inne i "vår" vik, men utanfor hadde ikkje bylgjene akkurat blitt mindre den tida vi hadde vore i land. Ville vi nokon gong koma oss til Ænes igjen, eller ville vi gå ned med mann og mus - eller i vårt tilfelle berre mus.... eller kanskje Aune Sand ville ha kalla det blåbærmus??? Eh, ja... no padla eg visst i heilt feil retning.... Og det virka det som om eg gjorde på veg tilbake til Ænes og. Medan Jorunn klarte å halda stødig kurs mot Saga, måtte eg jobba hardt med å ikkje enda opp på Løvfall - sjølv om bylgjene gjekk mot Mauranger....Det var ikkje så veldig skummelt å padla i slike bylgjer, men eg måtte konsentrera meg og fylgja med på om det kom nokre ekstra store slik at eg slapp kveppa og enda opp ned i sjøen. Men det gjekk fint og vi nærma oss stadig land på Ænes. Bylgjene tok seg faktisk enda meir opp i det vi nærma oss land og eit par ganger kom det nokre skikkelege surfebylgjer som løfta heile kajakken og sendte meg avgårde. Det var berre artig - hadde eg havna i sjøen her var det ikkje lengre inn til land enn at eg kunne ha symt inn med kajakken på slep :-) I fylgje Jorunn såg ho ikkje igjen kajakken min bakom bylgjene eit par gonger ho kikka bort på meg.
 
Jorunn fekk forresten opp dampen skikkeleg på slutten og eg trur ikkje ho brydde seg om bylgjene i det heile tatt. Ho hadde nemleg fått ei aning om at ho hadde gløymt å putta pengar på parkometeret ved Saga.....
 

....og no dreiv eit Oddafirma på å taua vekk bilen hennar!!!
 
Jorunn formeleg spratt utav kajakken og prøvde alt ho kunne å få stoppa karane..
 
Neida, det var nok ikkje heilt slik det var, men det hadde vore artigare enn at Jorunn fekk motorstopp i den augneblinken ho parkerte bilen på Ænes. Alt av varselslampar slo seg på i det ho svinga av hovudvegen + vindausviskarane (eg lurte litt på akkurat dei viskarane der ho ankom i strålande sol). Så bilberginga hadde ho sjølv ringt etter, men det var no litt flaks at dei var der akkurat då vi returnerte frå turen vår. Må leggja til at bilbergaren tok eit blikk på Priusen og konstanterte: "Men den der har du vel aldri hatt noko problem med!" Og det kunne eg bekrefta :-)
 
Vi prøvde, men fekk ikkje heilt til å festa kajakken til Jorunn ved sida av min på Priusen, så ho fekk leggja den i frå seg på Ænes. På den måten kom Jorunn heim i dag utan både bil og båt!
 
Vi hadde ein kjempeflott padletur til Sild i dag (om enn ikkje på speilblank fjord) - her skal vi heilt sikkert padla fleire ganger!!!
 
At fjorden igjen låg roleg når vi køyrte på ut vil vi ikkje snakka noko om ;-) 
 




fredag 7. august 2015

Ferieveke nr. 3...

....er snart til endes - og dette må ha vore den lengste høstferien eg har hatt....

Men, men, veret styrer ikkje eg, og eg har sjølv valgt å vera heima heile ferien - så då har eg vel ikkje lov til å klaga. MEN EG GJER DET LIKEVEL - KOR POKKER BLEI DET AV SOMMARVERET I ÅR?????

Rett skal vera rett - det har vore litt betre temperatur denne veka. På tirsdag, passerte vi til og med 20 grader - yhooo - vi har faktisk hatt ein (1) dag i sommar der gradestokken passerte 20 grader UTAN at sola skein rett på den! Og for fyrste gang i sommar...

...opna desse seg heilt! Sjå kor blide dei er - vanlegvis er dei berre halvopne. Både dei og eg tilbrakte dagen smilande på trappa i sola :-)
 
Dvs. eg tilbrakte ikkje HEILE tirsdagen på trappa, eg var og ein tur i skogen og plukka blåbær. Og sidan har stort sett dagane mine dreia seg om BLÅBÆR. Det BUGNAR av blåbær i skogen no :-) Eg plukka dei små boksane eg hadde med meg full på null komma niks - og då plukka eg for hand, til og med. Blåbæra blei renska og putta i fryseboksen med tanke på vintarens smoothies, eller kaker....

På onsdag hadde eg litt større boksar med med meg og dei blei og plukka fulle på ein augneblink. Det er litt balsam for sjela å gå slik i skogen og ikkje tenkja på andre ting enn å fylla ein boks med blåbær. Desse blei og renska og putta i frysen - det kan bli mange smoothies og kaker frametter...

Ikkje nok med det - i går lokka eg Ann Irene med meg på plukking og :-) No hadde eg gått til innkjøp av ein bærplukkar og enda litt større boksar. Så medan eg for rundt som ein virvelvind frå tua til tua...

...kosa Ann Irene seg med å plukka eit og eit bær :-
 
......mmmmm......
 
Kva tenkte eg på??? Når ein plukkar med bærplukkar, så får ein jo og med seg halve tuene heim. Att ikkje nokon kunne stoppa meg og sagt at nok er nok?? FIRE (4) timar brukte eg på å renska blåbær i går ettermiddag/kveld!!
 
Desse bæra hadde eg andre planar for enn kun å putta i frysaren - desse skulle bli til syltety og likør :-) Syltetyideen kom eg på sjølv, likørideen fekk eg av nokon andre. Dagen fyrste oppgåve blei difor å handle glas på Europris og sprit på Polet. Det er blitt nokre polturar i sommar - såpass at eg no har byrja å forklara betjeninga kva eg skal bruka flaskene til...
 
Vel heima var det berre til å setja i gang blåbærfabrikken. Fyrst ut var blåbærsytetyet. Her brukte eg rett og slett berre oppskrifta som står bakpå syltepulverposen. Av sånn ca. 1,5kg bær fekk eg tre glas syltety. Litt missnøgd er eg med at glasa viste seg og ikkje vera heilt tette, slik at det rann litt syltety ut då eg snudde glasa på houvudet. Så vi får sjå, myglar det så myglar det, men eg har i allefall prøvd....
 
...og det smaka i allefall godt i dag. Ein hemmeleg ingrediens har eg sjølvsagt blanda inn (nei, det er ikkje sprit) - hvis ikkje kan eg jo ikkje kalla det Anitas Heimelaga Blåbærsyltety ;-)
 
Så skulle eg prøva meg på likøren. Dette har eg aldri prøvd meg på før og anar difor ikkje om dette kan gå gale eller ikkje... På førehand hadde eg fått ei oppskrift eg skulle fylgje, men så er det dette med å putla på på eiga hand - brått hadde det kome noko ekstra oppi desse glasa og..
 
....eg kan jo ikkje seia kva det er iom at det kanskje slår ut heilt feil, men eit trena auga ser det kanskje...
 
....resten av glaset vart sjølvsagt fylt opp med blåbær og til slutt sprit...
 
....og kan eigentleg noko som ser så godt ut gå gale?
 
Og vips så hadde eg i laupet av nokre timar...
 
....produsert 3,5 glas med syltety, 4 glas med godsaker lagt i sprit og 2 små boksar med blåbær som gjekk i frysaren :-)
 
No gjenstår det å rista litt på likørglasa dann og vann i sånn ca. ein månad før eg siler av bæra, fyller på med litt meir sprit og har i sukker. Deretter skal det berre stå å godgjera seg nokre månader til. Eg er spent på om dette blir bra eller om eg har skusla vekk mengder med sprit - eg kunne jo f.eks ha fulgt opprinneleg oppskrift på nokre av glasa... Men, eg har fleire glas igjen, skogen er framleis full av bær som skal plukkast og Polet kan vel besøkast fleire ganger....
 
Det kjem vel sikkert ein rapport i desember, eller der omkring, der dåke får vita om dette blei ein suksess eller total fiasko. Hvis dåke ser meg oftare på sykkel enn i bil rundt juletider, klarar dåke kanskje å gjetta dåke til resultatet sjølve ;-)
 
Uansett, som sagt så kryr det av blåbær i skogen om dagen- UT OG PLUKK, FOLKENS!