tirsdag 5. august 2014

Roma...

...del 3.

Vi kunne eigentleg sova litt lenger denne morgonen, men iom at vi var veldig spente på dagens utflukt, var vi nok nesten like tidleg oppe som dagen før likevel.

Dagens utflukt: 4 timar "Food Walking Tour"! He-he, er man i Italia, så er man i Italia ;-) Men, ingen grunn til å vera nervøs - dette blei jo ferien sitt høgdepunkt!

  • Kl. 1115 byrja turen som føregjekk i Testaccio området - i nærleiken av pyramiden. Ja, dei har faktisk pyramide i Roma. Dette er ingen typisk turistplass, så dette området hadde vi ikkje besøkt hadde det ikkje vore for denne utflukta.12 spente personar frå Noreg, USA, Tyskland og Tasmania var med + guiden Kathy frå England. Ho hadde budd 14 år i Italia og kunne sakene sine.
  • Pizza, ost, skinke, tomater, pasta, risboller, vin, is etc. - her fekk vi mykje å smaka på :-) Og dette var noko HEILT ANNA enn den maten vi fekk servert på dei typiske turistplassane.
  • Var innom gravlunden, pyramiden, det gamle slaktehuset. Og fekk artige historiar med på kjøpet - blandt anna historia om kravplassen/steinen til den engelske forfattaren John Keats.
  • Åt lunsj i ein restaurant som ligg inne i fjellet som er laga av knuste leirkrukker. Italienarane visste ikkje kva dei skulle gjera med desse krukkene som blei øydelagt etter å ha innehaldt olivenolje, så i hudrevis av år heiv dei dei på same plass - og til slutt var det blitt eit fjell utav det. Etter ei stund fann ein ut at temperaturen inne i dette fjellet passa fint til vinlagring og i våre dagar ligg det blandt anna restauranter inn i fjellet. Litt spesielt, kan ein seia.
  • Fortsatte dagen med å gå over elva og besøka Trastevere området - her var det koseleg med små trange gater, koselege restaurantar og butikkar.
  • Bevega oss over elva igjen og gjekk rett på Pantheon - for ein mektig og diger bygning. Skal visst vera enda meir imponerande inni enn utanpå, men det var så mykje folk at vi prøvde ikkje å gå inne eingong.
  • Enda opp med å eta middag/kvelds på ein restaurant på piazza Navona.
  • Blei litt fjollete og fann ut det var best å betala og bevega seg mot hotellet utpå kvelden. Fekk gratis drink av kelnarane og blei enda meir fjollete. Blei overraska av tidenes regnskyll, lyn og torden på veg heimover og måtte søka ly på enda ein restaurant. Blei enda meir fjollete ;-)
  • Virka som floger på den eine paraplyselgaren etter den andre der vi sat under parasollen - vifta dei galant vekk. Alle andre pakka saman og gjekk inn - vi sat igjen og syntes dette var stas. Kelnarane prøvde seg med "it's raining ladies" - vi svara med "We are from Norway - we are used to rain". Men tru meg, byger som dette er det sjeldan vi ser her på Vestlandet og....
  • Letta omsider såpass av vi gjekk for å leita etter hesteskyss - vi hadde bestemt oss for å ankomma hotellet til hest denne kvelden.
  • Fann kun ein eldre kar frå Napoli som sykkla oss heim.....










 





Fantastisk artig dag - anbefalar alle som skal til Roma om å melda seg på Food Walking Tour :-)

Satsar på at siste del av Romaturen kjem i måro :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)