mandag 4. august 2014

Roma...

...del 2.

Opp og hopp - ingen grunn til å lata som om ein er på ferie ;-)
  • Stod klar ved møtepunktet utanfor Vatikanet kl. 0845 for å vera med på ein 3 timar lang guida tur vi hadde meldt oss på før vi reiste. Vi brukte forresten Tripomatic (kan lastast ned på mobil og nettbrett) når vi planla turen.
  • Mykje meir nøgd med denne turen enn bussturen kvelden før. Guiden vår, Irene, kunne ALT om Vatikanet og dets innhald. Kvar krok, vegg, tak, figur, maleri etc. - ho var full av informasjon :-)
  • Toga gjennom Vatican Museums, Sistine Chapel (litt irriterande - folk stod som sild i tønne, vaktane messa "keep moving, keep moving", og ei streng stemme kom stadig over høgtalarane "silence, silencio, silence, silencio" og "no photos". Og det med bileter var dei strenge på altså - vi såg ein vakt som omtrent gjekk til åtak på ein person som hadde drista seg til å ta bilete med mobilen. Til slutt gjekk vi gjennom St. Peter's Basilica. Og ja, den er svær! Ikkje så prangande på utsida, synes eg, men inni - trur ein kunne gått der i mange timar og framleis funnet nye ting å sjå på.
  • Litt usikker på kven eg tok på tærne til, men det var nok nokon viktig for det stod vakt å passa på at vi hadde tempo og haldt køen.... Dyppa fingrane i "The holy water" - så no reknar eg med at det skal gå meg godt resten av livet :-)
  • Etter nokre hopp på St. Peter's Square forlot vi Vatikanet og bevega oss ut i Italia igjen :-)
  • Drakk, åt og shoppa oss tilbake mot sentrum....
  • Besøkte Spansketrappa, sånn at det var gjort. Pågår restaurering både framom og bak denne og. Foregår i det heile tatt MYKJE restaurering i Roma, men så har dei no litt gamle ting og ta vare på og, då...
  • Avslutta dagen med å gå over gata og eta middag på ein av restaurantane rett ved sida av Colosseum. DO NOT EAT THERE - maten her var ikkje noko å skryta av i det heile tatt. Vi enda stort sett opp med å eta alle plassar vi hadde fått beskjed om å ikkje eta - altså turistplassar - og enda opp med mat deretter. Skal ein eta skikkeleg god italiensk mat må ein bevega seg vekk i frå turistplassane.
















 
Veldig nøgd med alt vi fekk sett og utretta denne dagen. Vil anbefala alle som skal innom Vatikanet om å melda seg på guida tur - då får ein med seg så mykje meir enn ein vil gjera på eiga hand + og det er eit stort + ein slepp stort sett unna dei lange køane :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)