søndag 3. august 2014

Roma...

...del 1.

Flott, hektisk og varmt - ferieturen til Roma kort oppsummert :-) På mengda med bileter skulle ein tru vi hadde budd der halve livet - ikkje berre vore kort innom i 4 dagar :-) Det blir heilt umogleg å visa og fortelja alt, men her kjem eit samandrag av dag 1:

  • Ankomst hotellet med utsikt til Colosseum
  • Fekk sett mitt aller fyrste limetre "live"
  • Rusletur rundt Colosseum og omeng
  • Var innom Altare della Patria eller Monumento Nazionale  Vittorio Emanuele II som det og heiter. Av ein eller anna grunn gjekk vi rundt og kalla det "Ministeriet" heile turen....
  • Kjøpte is
  • Hadde forhåndskjøpt billettar til ein bussrundttur om kvelden. Litt skuffa over den, dårleg lyd i høyttalaren og alt skulle oversettast til 4 språk. Følte vi kjørte på kryss og tvers og fekk ikkje oversikt over byen, men det er kanskje slik Roma er. Men bevares, vi fekk jo sett oss omkring. Trevi fontena er under restaurering og dekka av stilas - ikkje  heilt som vi forventa. Det er satt opp eit bilete og laga til ein liten dam kor ein kan kasta myntane sine - blir ikkje heilt det same....Marita kasta for sikkerheitsskuld sine myntar over feil skulder, så vi måtte tilbake ein dag etterpå for å få det rett ;-) Avslutta turen med å spasera rundt på Piazza Navona - ein koseleg plass med masse restaurantar, musikk og folk som sel malerier.

 
 





Nøgd og glad med dag 1 i Roma - litt fjolling på Piazza Navona :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)