lørdag 26. juli 2014

Blåistur i Juklavassbreen...

... fantastisk flott!

Har fått litt spørsmål om denne turen, så her kjem litt info og ein drøss med bileter :-)

Det er Folgefonni Breførarlag som står for turen og du finn info og kan melda deg på her: Blåistur i Juklavassbreen

Stian og eg køyrte inn til Jondal og parkerte i sentrum. Så tok vi skibussen opp til Skisenteret. 19 km på 45 minuttar - det går ikkje så fort :-) Men du verden for ein flott dal og tur! Men belag deg på ein ganske smal veg om du vel å køyra opp sjølv...

Vel oppe stod dei som hadde køyrt opp klare og venta på oss som kom med bussen, så det var berre å få på seg utstyr, få litt info og så leggja i veg. 200 meter opp skisenteret i slapsesnø med steghjern på. Det var ganske tungt, men dette er det hardaste på turen. Det er dette som plar skilja kven som går i kva taulag etterpå... I denne gruppa kom alle stort sett likt opp, men Stian og eg valde den gruppa som skulle ha minst "action" - kunne jo ikkje sprenga oss heilt ;-)

Festa i tauet var det berre til å leggja i veg på ein utruleg flott tur:






























En bør vera i nokolunde form for å gå denne turen - det er eindel opp og ned og tungt å gå i slik snø. Men eg vil absolutt anbefala dåke å prøva - guiden sa det er finast å gå turen i august :-)

Men no har eg ikkje tid til meir - I'm off to Rome for a couple of days :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)