onsdag 6. august 2014

Roma...

...del 4.

Siste dagen vår i Roma. Ingen forhåndsbestilt opplegg for denne dagen, så då kunne vi kanskje slappa av og sova litt lenger? På ingen måte! No hadde vi gått forbi Colosseum fleire gonger til dagen - det var på tide å ta det nærare i augnesyn frå innsida. Berre til å koma seg på beina og stilla tidleg i håp om å unngå altfor stor kø. Og, under over alle under, sjølv om vi ikkje var så tidlege som vi hadde håpa slapp vi stå lenge i kø :-)

  • Regnet kom medan då vi var komen inn - kjekt då at det var ei utstilling under tak vi kunne studera inntil det slutta å regna :-)
  • Colosseum er verkeleg digert - utruleg kva dei fekk til å bygga på den tida
  • Metta på Colosseum fortsatte vi med å shoppa, eta og drikka oss gjennom by'n - noko vi var blitt veldig gode på i løpet av desse få dagane ;-)
  • Henta Grethe på hotellet hennar - og tok ho med på sightseeing :-)
  • Meir mat og drikke
  • Leverte Grethe på hotellet igjen om kvelden
  • Skulle ta taxi heim, men det var jo så fint å gå langs elva og brått måtte vi jo ha gått så langt at vi ikkje hadde så lang veg heim - kunne lika godt gå?
  • Kartlesar Eik hadde klart seg bemerkelsesverdig bra desse dagane og visste stort sett, med ganske god presisjon, kor vi befann oss. Irriterande nok, iom at eg ikkje alltid var eining.... Men denne kvelden måtte eg, etter at vi hadde gått både vel og lenge, slå i kartet og forlanga at vi svinga til venstre inn mot by'n igjen - eg trur nemleg vi var på veg heilt ut av byn ;-) Og, etter å ha vandra både vel og lenge gjekk vi, O' store lykke, rett på Colosseum. Det var jammen godt å slenga seg på hotellsenga og få av seg skoa - og oppdaga at eg hadde store vannblemmer under beina.. Det var litt godt då å vita at neste dag skulle vi ikkje trø meir i Roma's gater, men fly heimatt til Noreg :-)










Og så, snipp, snapp, snute så var Romaturen ute. Eg vil påstå kusinene klarte seg veldig godt på tur i lag, dei - kan gjera det fleire gonger dette :-)

Men det var no litt godt å koma heimatt og. Fekk ikkje med meg fyrste dagen av Festidalen - var litt for godt å liggja på sofaen utan folk og lyd rundt seg ;-) Men på laurdagen var eg på plass og eg høyrer vel vel kanskje tross alt meir heima våt som ei kråka på eit gjørmete jorde enn i ein storby :-) Men kjekt var det begge deler :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)