fredag 6. april 2012

Ænesdalen var målet...

...for dagens Påskeutflukt. Eg pakka mor, far og minstemann Felix Emil i bilen og køyrte til Ænes kor vi fann mormor og farfar i campinghytta si.
Ænes - eg tar det med det same: Plassen heiter Ænes. Dei aller fleste slektene heiter Enes til etternavn. Så er det eit par slekter som ikkje skulle vera som alle andre - dei bestemte seg for å heita Enæs...Finnes ikkje forvirrande i det heile tatt.

Anyway, Ænesdalen - ei perle på jord. Fortjener verkeleg å vera nominert til Kvinnherads flottaste turmål. I dag var det mange som hadde tatt turen hit.


Ein parkerar ved kyrkja og så føl ein berre vegen innover.

Det er kun ein oppoverbakke på veg inn til setra, og den kjem på byrjinga på turen. På toppen står ein liten benk - her er det alltid obligatorisk med fotografering.

Lillemann kosa seg på tur. Tenk å ha alle besteforeldra heilt for seg sjølv ein dag :-)

Hølen - ein av dei finaste plassane eg veit om.

I dag kom det fram at han far til og med har stått på skeiser i dress her...

Mor ledar an inn til Ænessetra.

Og her kjem resten av gjengen.

Så kosa vi oss i solveggen med nista vår...

...lillemann òg :-)

Ellers så er det ikkje berre namna ein kan bli forvirra av på Ænes:

Her ser det ut som om edderkoppane heklar netta sine...

...og hønene er ikkje heilt som alle andre dei heller.

Dette var nok ein fin tur som kan anbefalast. Vi gjekk berre til setra, men ein kan gå mykje lenger innover. Resten av dagen er tilbragt på snufsande og nysande på sofaen. Skulle jo vore ute å sjekka kveldslivet i Påsken, men det blir nok ingen svinging på svansen i kveld heller.

Retting: Det har kome meg for øyra at eg har fore med lygn og fanteri i byrjinga av dette innlegget - mormor og farfar har sjølvsagt ikkje noko campinghytte i lag på Ænes, det sku tatt seg ut. Mormor og moffar derimot har campinghytte på Enes camping :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)