søndag 22. april 2012

Såto var dagens...

turmål i dag:

Og Såto ligg altså her.

Vi starta på Sørestølen, spaserte over brua og fylgde stien til dess vi kom inn på den gamle traktor-/kjerrevegen. Her skulle vi, hvis vi skulle gått merka turløype, gått eit stykke nedover vegen til dess vi hadde funnet dette skiltet:

Merka tursti til Englafjell.

Men det vurderte vi aldri. Den stien er kun brukande til å komma seg ned igjen frå fjellet - og knapt nok det. Den er laaaaaang, braaaaat og gørrande kjedeleg. Nei, istadenfor å gå ned å finna stien, gjekk vi heller litt lenger opp, traska igjennom litt skog og over stykke der skogen er hogd ned. Øverst, og på slutten av dette feltet ligg ein stor stein - den tok vi sikte på. Derifrå fekk vi denne utsikta:

Utsikt over Skorpo.

Så forsvann vi inn i skogen igjen og fulgte ei ur rett opp.

Ja, det er bratt ned her òg...

..og bratt opp. Men, det er likevel å foretrekka framfor den merka stien, og eg er heilt sikker på at det tar mykje mindre tid.

Og hvis ein fylgjer ura går ein rett på dette vertshuset når ein kjem opp på nederste topp (jada, den har sikkert eit navn) på veg til Såto:

Vi har ikkje problem med å finna oss eit krypinn på tur, vi to :-)



To nøgde damer på tur :-)

Herifrå har ein flott utsikt over Uskedalen og heile resten av verda og ein treng eigentleg ikkje gå så mykje lengre..

Ei heil rand meg kvitkledde fjell laaaaaaangt framme i horisonten..

Det skulle derimot vi - vi skulle jo på Såto. Og når ein er komen så langt er det heilt i orden å finna den merka turstien og fylgja den resten av vegen.

Ein må ikkje gløyma og stoppa og ta ein liten drikkepause.

No er ein komen over tregrensa og ein har "vidopen" utsikt til alle kantar - bortsett frå rett fram sjølvsagt - der er berre eit stort fjell ein er på veg oppetter :-)

Og eg som trudde vi skulle gå på tur i lag...

Før ein veit ordet av det har ein  nådd toppen av Såto og her står det faktisk skilt som visar kor du kom i frå.

Aij, aij, aij, for ein utsikt over bygda!


Og oppetter dalen!


Og når ein har nådd målet for turen, blir ein SÅ glad :-)

Ann Irene på toppen av Såto.

No er det jo slik at denne helga har vel nesten halve bygda og resten av Kvinnherad vore på tur og gått Skarvarennet og kosa seg på Jægertoppen. Vi kunne jo ikkje vera verre, så vi laga vår eigne lille....

Jægertopp!

Mmmm. smaker godt jo :-)

Øhhh...Tok vi for mye Jægermeister...

Det bles godt på toppen av Såto idag, så vi fann oss ein lun plass å ete nista vår. Der sat vi både vel og lenge inntil det brått byrja å regna. Då var det berre til å pakka saman og tusla ned frå fjellet att.


PS! Som sagt så bles det godt på toppen i dag og det var ganske kaldt, så eg kom ikkje lengre enn dette i dag heller.....

Nok ein flott tur vi kan kryssa av på lista :-)






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)